nyhende
Stort kloakkutslepp til Vigdarvatnet
Ein tett kumme førte til at mykje kloakk har rent ut i Vidarvatnet via elva som går frå Åsevatnet. På grunn av forureininga bør ein ikkje bada i delar av Vigdarvatnet framover. — Dette skal ikkje skje, og me beklagar på det sterkaste, seier Tore Johann Enerstvedt.
Utsleppet er stoppa, og kloakksystemet fungerer som det skal igjen, men forureininga som er langs elva og i vatnet må naturen ta seg av. Kor lang tid det det tar, er vanskeleg å seia.
— Det er særleg inst i Vigdarvatnet at forureininga er stor, men me åtvarar også mot å bada ved rasteplassen på Melkeneset inntil vidare. Måndag vil det bli tatt vassprøvar, og dei får me svar på etter om lag ei veke. Straks svaret kjem vil me informera om det, seier Tore Johann Enerstvedt, fagansvarleg VA.
Ikkje alarm i kummen
Ein grunneigar Vestavind har snakka med, fortel at utsleppet truleg har pågått i fleire dagar. Han er ein av dei som varsla kommunen fredag. Då han gjekk ein tur langs elva, fann han blant anna toalettpapir og bind godt opp på tørt land. Noko som understøttar at utsleppet har pågått lengre enn frå fredag.
— Korleis kunne utsleppet gå så langt utan at kommunen var klar over det?
— Dette er eit stort utslepp. Det skal ikkje skje, og me beklagar på det sterkaste at det har skjedd. På pumpestasjonen som ligg nærast Vigdarvatnet har me alle slag sensorar og alarmar som varslar straks noko ikkje er som det skal vera. Tettinga skjedde i ein kumme som ligg litt lengre opp, og der er det ikkje alarmar. Det er noko me vil sjå på når me no så raskt som mogeleg vurderer tiltak for å unngå dette igjen, seier Enerstvedt.
Proppen var ein klump vårserviettar
— Utslepp som dette skal også ha skjedd tidlegare?
— Eg har ikkje jobba så lenge her at eg har opplevd det, men ein kollega hugsar at det har skjedd ein gong før. Kanskje har det skjedd før det også. Uansett skal det ikkje skje, og me vil no gjera alt for at det ikkje skal skje igjen, understrekar Enerstvedt.
Då kommunen fekk melding om kloakkutsleppet, blei det umiddelbart rekvirert spylebil frå Haugesund. Proppen i kummen blei raskt fjerna, og anlegget sett i normal drift igjen fredag. Det blei også sendt ut SMS-varsling til dei som bur i nærleiken av det aktuelle området.
Det som kom opp og ut av kummen, viser at sveibuen slurvar med kva dei kastar i toalettet. Sjølve proppen var ein einaste stor klump av våtserviettar. Elles var det rikeleg med bind, tampongar, bleier og diverse anna som skal kastast heilt andre stadar enn i toalettet.
Spylar elva
Dei tilsette i drift og anlegg har vore i full sving sidan fredag kveld. Då heldt dei på til det blei mørkt. Tidleg i dag var dei i sving igjen, og held på utover dagen.
— Me har mellom anna gått langs elva og plukka det me finn av søppel. Sjølve kloakken tek naturen seg av. Men etter kvart som me blir ferdig med å plukka søppel, spyler me elva slik at det skal vera minst mogeleg som ligg igjen langs breidda og i elva, seier Enerstvedt.