nyhende
Vatningsforbod og aukande skogbrannfare
Frivillige tiltak hjalp ikkje, og frå laurdag formiddag er det innført vatningsforbod i Sveio. Samstundes er skogbrannfaren raskt aukande i kommunen.
Dei siste dagane har ikkje høgdebassenga i kommunen klart å fylla seg opp i løpet av natta. Håpet var at frivillig redusering av vassforbruket skulle hjelpa. I staden gjekk det stikk motsett veg.
— Me har mange hytter i Sveio, og no når det vart helg gjekk vassforbruket ekstremt opp. Me klarar ikkje å produsera nok vatn, og høgdebassenga er i ferd med å tømmast. Då har me eit kjempeproblem i Sveio, og det var ikkje noko anna val enn å innføra vatningsforbod, seier Tore Johann Enerstvedt, fagansvarleg VA i Sveio kommune.
La plenen gro og bruk vasskanne
— Kva inneber vatningsforbodet?
— Det er til dømes ikkje lov å vatna med slangar, svetteslangar eller vasspreiar. Det einaste du har lov til å bruka er vasskanne, seier Enerstvedt.
Slik situasjonen er no, må ein tåla at plenen kan bli gul. Eit godt tips er å la vera og klippa plenen, eller ha så stor høgde som mogeleg på klipparen. Då drar plenen mykje meir nytte av doggen som dannar seg om morgonen, og jorda får «skugge» og blir mindre utsett for uttørking.
Aukande skogbrannfare
Fredag viste skogbrannfareindekskartet til Meteorologisk institutt gult med delvis grøne område i Sveio. No er viser kartet at Sveio er på rask veg mot og oransje og raudt i delar av kommunen. Og det kan skje i løpet av helga.
— Skulle uhellet vera ute, ring 110 umiddelbart om du ser at du ikkje har kontroll på brannen. Hald deretter fram med å sløkka det du klarar, sjølvsagt utan at det er fare for liv og helse, seier Bjarne Hetlesæter, utrykkingsleiar i Sveio brannvesen.
— Unngå all open eld
Det er ikkje innført totalt bålforbod i Sveio, men slik situasjonen er no, bør ingen tenna opp bål eller bålpanner.
— Unngå all open eld. Eingongsgrillar er uakseptabelt, og sjølv eit «trygt» kaffibål i fjæresteinane eller bak ein bergnakke er risikabelt med den vinden me har no. Ei lita glo som bles nokre meter vekk frå bålet, kan gjera at vegetasjonen tar fyr, seier Hetlesæter.