nyhende
«Støvsugar» forureina slam frå utløpet til Vigdarvatnet
Arbeidet med å rydda etter det store kloakkutsleppet til Vigdarvatnet held fram. No er ein slamtømmebil i sving med å suga opp forureina slam.
Naturen ordnar mykje, men ikkje noko skal vera uprøvd for å gjera etterverknadane minst mogeleg etter det store kloakutsleppet til Vigdarvatnet.
Sveio kommune fekk melding om utsleppet fredag ettermiddag. Ein kumme hadde gått tett, og det rann ureinsa kloakk ut i Vigdarvatnet via elva som kjem frå Åsevatnet.
Heile vatn- og avløpavdelinga var i sving fredag og laurdag, samt leiar for drift og anlegg. Elva blei spyla laurdag etter at det var plukka søppel.
Trur mykje har lagt seg i utløpet
— Det er nesten flatt i utløpet, og me trur at mykje av slammet som ligg igjen etter utsleppet har samla seg her. No held me på å suga opp med slamtømmebil mest mogeleg av slammet som kan vera forureina, seier Tore Johann Enerstvedt, fagansvarleg VA.
Slammetømmebilen har ein tank som tar 3.000 liter. Når tanken er full, køyrer han til ein større slambil og tømmer tanken i denne. Skytteltrafikk til og frå elvemunninga vil pågå utover dagen.
Vassprøvar
Måndag morgon blei det tatt vassprøvar. Desse er sendt til undersøking, og Enerstvedt reknar med svar i løpet av veka. Inntil vidare er det forbode å bada inst i Vigdarvatn, og på rasteplassen på Melkeneset er det sett opp eit skilt.