nyhende

No blir bading forbode-skiltet fjerna. FOTO: SVEIO KOMMUNE
No blir bading forbode-skiltet fjerna.

Anbefaler å ikkje bada i minst ei veke til

Prøvane tatt 12. juni på fire lokasjonar i Vigdarvatnet viser låge verdiar av bakteriar. Nye prøvar bli tekne 19. juni, og Sveio kommune anbefaler framleis at ein ikkje badar i indre delar av vatnet.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune blei gjort kjent med det store kloakkutsleppet til Vigdarvatnet sist fredag. Fredag og laurdag vart det sett i verk ulike tiltak, og måndag blei det både soge opp forureina slam og teke fire vassprøvar.

Punkta det er tatt vassprøvar på er Melkeneset ved rasteplassen langs Fv. 47, utløpet/undergangen under Fv. 47, indre del av Vigdarvatnet nord for Fv. 47 og Tveit.

Forureina, men låge verdiar

Høgast verdiar av e-coli per 100 milliliter er det ved Melkeneset og undergangen under Fv. 47. Høgast verdiar intestinale enterokokkar er det i indre delar av Vigdarvatnet nord for Fv. 47.

Sjølv om resultata av målingane er langt under EU sine grenserverdiar for «utmerka kvalitet på badevatn», vel kommunen å vera på den sikre sida.

– Inntil me får svar på oppfølgingsprøvane anbefaler Sveio kommune  framleis at ein ikkje badar ved Melkenest eller i indre del av vatnet, skriv kommunen på nettsida si.

Resultata av prøvane kan du lesar her

Powered by Labrador CMS