Arne Valen kjem med kritikk av dei nye kosthaldsråda.
ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK
Arne Valen kjem med kritikk av dei nye kosthaldsråda. ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK

«Pengar til varmepumpe i kommunale bustader»

Senterpartiet fekk eit samrøystes kommunestyre måndag 12. juni til å løyva 200.000 kroner til ENØK-tiltak i kommunale husvære under saka om revidert budsjett.

Bakgrunnen er ein interpellasjonen «ENØK-tiltak i kommunale husvære» som Senterpartiet leverte i kommunestyret 20. februar. I interpellasjonen blei det spurd om korleis energistatusen er i kommunale husvære i Sveio.

Vanlegvis er  det folk frå låginntektsgrupper som bur i kommunale leilegheiter. Dei må ta til takke med den byggtekniske standarden som finns. Men det er leigetakar som betalar straumrekninga om ein i praksis «fyrer for kråka». Sveio ligg blant dei verst stilte kommunane i regionen når det gjeld familiefattigdom.

I ordføraren sitt svar til interpellasjonen står det at Sveio eig 64 utleigeeiningar utanom sjukeheimsplassane. 4 einingar har felles varmepumpeanlegg. 3 einingar har mindre luft til luftvarmepumper. 23 av einingane har varmepumpe i fellesareal, men  ikkje i sjølve leilegheita. Elles er standarden på einingane varierande. Nokre kunne fått ein betre ENØK-situasjon ved å isolere, skifte vindauge og installere varmepumpe.

Det er forstemmande at kommunen har sytt for varmepumpe i fellesareal der ein sjølv betalar straumen, men ikkje installert varmepumpe i sjølve leilegheitene der leigetakarane betalar for straumen.

200.000 kroner rekk kan hende til varmepumpe i 10 leilegheiter. Det er ei byrjing for å betre tilhøva til dei som bur i kommunale leilegheiter når vinteren kjem og straumprisen vert høg.

Arne Valen på vegne av Sveio Senterparti