nyhende
— Viktig å hjelpa andre
Nils Kristian Haga gjer det han kan for å betra kvardagen til andre. Det kan vera alt frå å restaurera ein garasje til å dela sjølvfanga fisk.
Nils Kristian Haga sin veg til Sveio byrja då han fann kjærleiken med ein sveibu i Haugesund.
— Kona mi Ingebjørg gjekk på skule her, seier han på skulehuset på Bua.
Nyleg pussa han opp eit rom i underetasjen. Ei slik god gjerning gjekk ikkje under radaren.
— Eg var på veg til Oslo då eg fekk vita det, seier han om tildelinga av sommarbuketten.
Ein annleis nyttårsaftan
Eit av fire barn bur der. Det er eit stykke unna heimen på Tittelsnes, kor dei flytta frå Haugesund for snart 40 år sidan, på sjølvaste nyttårsaftan.
— Då køyrde me flyttelasset. Etter sommaren 1983 likte barn og kone seg så godt at me hadde eit familieråd om å flytta hit, seier Haga.
Sidan har dei budd med flott hage og utsikt mot Bømlafjorden. Det einaste problemet er nokre av naboane.
— Hjort og rådyr kjem og et opp blomane til kona. Dei er ikkje redde oss. Ein gong låg ein hjort og sov på plenen rett utanfor terrassen, humrar han.
Til hausten feirar dei 50 år med ekteskap.
— Me møttest på basar i Haugesund, seier kona.
— Me er ikkje heilt sikker på «kven som fann kven›, humrar dei saman.
Dyktig til mykje
Ein grunn til at han har hjelpt så mange med så mykje er arbeidserfaring.
— Eg var vaktmeister i 20 år i radiotårnet på Bua, og har seinare vore vaktmeister for skulen, seier Haga.
Med dei jobbane kjem det mykje praktisk kunnskap med på kjøpet.
— Eg er veldig løysingsorientert, det må ein vera, seier han.
Om det kjem ei utfordring så har han eit ordtak.
— Berre ein vågar å byrja på noko så får ein det gjort, seier han.
Trivst bak rattet
Då radiotårnet stengde ned fekk han etterløn. Han kunne ha teke livet roleg i over eit år.
— Etter tre månadar tok eg fagbrev som yrkessjåfør, i ein alder av 55 år, ler Haga.
Framleis har han sertifikatet for yrkessjåfør og køyrer buss i Sveio. Han finn likevel tid til å hjelpa andre.
— Eg og svogeren min reiv ein falleferdig garasje for nokon og sette opp ein tilnærma ny ein, seier han.
Mykje av det han gjer for andre er mindre og meir jamlege ting, som heldigvis kan kombinerast med ein fritidssyssel.
— Eg fiskar, og då gjev eg bort mykje fisk til dei som ynskjer, seier han.
Treng ikkje løn for strevet
Løn for strevet treng han ikkje, ei god gjerning er nok i seg sjølv.
— Det er viktig å hjelpa andre med ting, seier han.
Og, skal han vera heilt ærleg, er han heller ikkje så glad i merksemd.
— Kva synest du om å få sommarbuketten?
— Det er fint, men det er nesten så eg vurderer å slutta å hjelpa folk, spøker han.