nyhende
— Berre ein liten gnist som skal til
Eit jorde i Førde byrja å brenna under klipping av gras søndag. Brannvesenet i Sveio åtvarar om kor brannfarleg situasjonen er. – Unngå alt arbeid som kan utløysa noko form for gnistar, seier Silje Kvalvågnes i Haugaland Brann og Redning.
Søndag vart eit område på storleik med ein fotballbane svidd av på Røykenes. Brannen oppstod under klipping av gras med ein plentraktor.
– Brannen vart sløkt ganske kjapt. Det gjekk heldigvis bra, seier Silje Kvalvågnes, utrykkingsleiar for Haugaland Brann og Redning si avdeling i Sveio.
Høg brannfare
Korleis brannen byrja er ein ikkje heilt sikker på. Ei mogelegheit er at litt gras har lagt seg oppå ein varm motor under klipping, og difor teke fyr. Men ein veit ikkje sikkert.
– Kor mykje skal til for at det byrjar å brenna?
– Ingenting. Det er berre ein liten gnist som skal til. Det er så tørt, seier Kvalvågnes.
Havtåka som legg seg over landskapet gjennom natta har dessverre ikkje vist seg å vera til hjelp.
— Det vesle som kjem av dogg om nettene utgjer ingenting, så det er kjemperisiko no, seier Kvalvågnes.
Blei sløkt raskt
Heldigvis vart søndagens brann sløkt før den fekk veksa seg ut av kontroll. Det tok om lag litt over ein time frå varsling til brannvesenet meldte at brannen var sløkt.
Men det gjekk fort frå røykutvikling til brannen hadde spreidd seg frå jordet til skogen. Rask reaksjon frå sivile både med varsling og igangsettinga av sløkking bidrog til at det gjekk så bra. Brannvesenet i Sveio var også veldig raskt på staden. Haugesunds Avis skreiv om brannen og innsatsen søndag.
Brannvesenet oppmodar alle om å vera forsiktige, og rett og slett unngå nokre typar arbeid.
— Kantklipparar og liknande, unngå slike ting. Det er reiskap med sliparar, og kjem du borti ein stein så kjem det gnist. Unngå alt som kan utløysa noko form for gnistar, seier Kvalvågnes.