nyhende

NM-gull, NM-sølv og kongepokal

Laurdag tok Ingrid Kindlihagen sitt første NM-gull i buldring som senior. Måndag blei det ny NM-medalje i sølv. Prestasjonane blei også belønna med kongepokal.

Publisert Sist oppdatert

Sportsklatring

  • Sportsklatring er eit samleomgrep på klatrestilane ledklatring (tauklatring), buldring og speedklatring.
  • Fjellveggane og steinane det blir klatra på i buldring er som regel ikke høgare enn sju meter.
  • Ei klatrerute som blir klatra med tau på led (ledklatring) kan vera opp mot 60 meter høge.
  • I konkurransar blir det som regel klatra i veggar innandørs.

Klatre-NM er ein del av NM-veka i Trondheim, der ei rekke idrettar konkurrerer om kven som er best i Noreg. Ingrid Kindlihagen frå Sveio og Haugaland Klatrelag er den beste kvinnelege klatraren i landet for tida.

Under NM i buldring var innsatsen rett og slett imponerande.

– Etter kvalifiseringa låg eg på 2. plass, og i finalen laurdag var eg den einaste som gjekk alle buldrene, seier Ingrid.

Kongepokal

Ho er ikkje den som skryt av seg sjølv, men å vinna på denne måten er utklassing av konkurrentane.

– Eg har gull i juniorklassen frå før. Dette NM-gullet er det første som senior, og er veldig kjekt å oppnå.

Måndag var det ledklatring, og der blei det NM-sølv. Imponerande det også sidan det er buldring ho driv mest med.

– Eg er veldig nøgd med eigen innsats, og det er stor stas at eg også fekk kongepokalen, seier ei glad Ingrid.

Konkurrerer verda rundt

I fjor flytta ho til Innsbruck i Austerrike der ho kombinerer trening og studier på nett. Ho konkurrerer også verda rundt for Noreg i både World Cup og Europacup.

– At eg gjer det så bra etter kvart, er nok ein kombinasjon av trening, mange konkurransar og at eg flytta til Innsbruck, seier ho.

Det blir ikkje lange pausen etter NM. Onsdag går turen til European Games i Krakow i Polen. Uttaket av norske utøvarar som skal delta har pågått heilt fram til sist veke. Ingrid var ein av dei første som blei teke ut for ei god stund sidan.

Gler seg til European Games

– Me fekk ein plass i buldring, og den er i stor grad basert på resultata mine i europacupen i fjor. Så det var kanskje naturleg at det var eg som fekk plassen, seier Ingrid.

Konkurransen går laurdag, og Ingrid gler seg.

– Dei komande dagane går til restituering etter NM, reise og trening i Krakow. Så får me sjå om det blir tid og krefter til litt sight seeing også, seier Ingrid.

Powered by Labrador CMS