nyhende
Ei kvinne med stort hjarte og omsorg for alle saman
Når ein flyktning vert busett i Sveio er truleg Hildur Larsen eit av deira første møte med ein sveibu. Ho kan hjelpa med nesten kva som helst.
Då Hildur Larsen skulle døypast vart det ei endring i siste liten.
— Eg skulle eigentleg heita Anne-Grethe. Pappa ombestemde seg på veg inn til barnevelsigninga, humrar Larsen.
Som barn vart det ein del spøkar retta mot namnet hennar, særleg musikalske ordspel som f-dur og h-dur.
— Men på eit punkt i sjetteklasse så slutta eg berre å bry meg, seier Larsen.
Då lærte ho at sjølv om ho ikkje kan kontrollera kva som skjer, kan ho kontrollera korleis ho møter det. Ein lærdom som skulle visa seg å verta viktig.
Mykje omsorg for mange
For mange sambygdingar er Hildur Larsen eit kjent andlet. Ho er ei travel dame.
— Kor mykje frivillig held du på med?
— Eg er kyrkjevert i kyrkja, med to periodar tidlegare i soknerådet, og står på lista att. Styremedlem i kvinne-og familieforeininga i Bua. Kvar femte måndag er eg på Austbakken, der me strikkar, drikk kaffi og kosar oss, seier ho og fortset
— På Frivilligsentralen driv eg med språkopplæring og integrering. Der er det masse familiar som eg går på besøk til og har tettare kontakt med, seier Larsen.
— Du har hendene fulle?
— Ja, men det er kjekt. Ein får oppleva mykje koseleg. Og så har eg nokre barn som eg strikkar klede til. Eg likar ikkje å bruka ordet «flyktningar», for dei er jo ikkje det lengre når dei er komen hit, legg ho til.
Veldig sveibu
Sjølv kom ho til Sveio som 10-åring og har budd fleire stadar på Haugalandet.
— Eg seier at eg er sveibu. Eg er veldig sveibu, seier ho med eit smil.
Å få sommarbuketten var difor svært hyggeleg.
— Eg elskar blomar, så det var veldig kjekt at nokon synest eg fortente det, seier ho.
Larsen har vore med hjå Frivilligsentralen sidan det starta opp i 2016. Ho likar å vera der for andre rett og slett.
— Det gjev meg lika mykje som dei eg er frivillig for. Sjølv om det er kroppsleg slitsamt så gjev det mykje psykisk, seier Larsen.
Pragmatisk
Sidan ei påkøyrsle i barndomen har ho levd med kroniske smerter.
— Eg vart skikkeleg dårleg når eg fylte 27 år. Eg er avhengig av å kvila kvar dag, seier Larsen.
Heldigvis har ho ei god innstilling, og ein viktig lærdom frå sjetteklasse.
— Eg er i grunn litt pragmatisk. Då eg vart ufør hadde eg ikkje valt det, men då får eg berre vera nøgd med det, seier ho.
Larsen sitt smil lar seg ikkje stilna. Søndag 18. juni vart sonen hennar ordinert som prest i Sveio kyrkje.
— Det følest heilt fantastisk. Me er veldig stolte av han. Runar er jo det perfekte val. Han likar også å vera frivillig. Han stiller opp for folk. Me er litt sånn, sa ho om sonen føre vigslinga.