nyhende

– Planen var å vera med i styret som medlem i to år. Men det skar seg totalt, seier Anne Lise Økland. FOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
– Planen var å vera med i styret som medlem i to år. Men det skar seg totalt, seier Anne Lise Økland.

Anne Lise finn tid til alt

Ei drivkraft for lokalmiljøet som står i spissen for skulekorpset, er leiar for bygdalaget og hjelper til med mange andre ting som skjer i bygda. Kort oppsummert Anne Lise Økland (40) sin innsats for Valevåg i forslaget til sommarbuketten.

Publisert Sist oppdatert

Sommarbuketten 2023

Vestavind deler også i år ut sommarbukett til personar som gjer ein ekstra innsats for at andre i lokalsamfunnet skal ha det bra. Desse har fått sommarbuketten:

Flemming Lothe, 8. juni

Nils Kristian Haga, 15. juni

Hildur Larsen, 22. juni

Thomas Førde, 29. juni

Alt dette i tillegg til full jobb på Høgskulen på Stord, sambuar og tre barn, samt oppussing av oldemor sitt gamle hus på Gramshaug på Tittelsnes. Ho har også blitt aktiv politikar og stiller på Ap si liste i kommunevalet. Eit av dei tre barna er forresten årsaka til at ho er litt sein til avtalen.

– Yngstemann har funne ut korleis han skal opna ytterdøra. Så no lurer han seg ut tidleg om morgonen og går på besøk til naboane iført bleie og støvlar. «Komma inn», seier han når han bankar på. Eller han leikar ute i hagen deira. Sidan me bur her me bur på Ulveraker, er det heilt trygt, og naboane ringer og melder frå kvar han er, smiler Anne Lise, som blei rørt då ho fekk vita at ho var kandidat til sommarbuketten.

Skulle berre hjelpa 17. mai

For henne er det viktig å bidra til aktivitet i bygda for at den skal vera ein god stad å bu for alle. Då ho kom heim etter 10 år, ville dei ha henne med i korpset igjen.

— Det passa jo aldri. Så blei det krise med mangel på musikantar, så eg blei med for å berga korpset til 17. mai. Det var kjempekjekt, og dermed begynte eg igjen, og bidrar med det eg kan for at korpset ikkje skal bli lagt ned. 17. mai og julekonserten er høgdepunkta, seier Anne Lise.

Då det var trong for nye styremedlemmer i bygdalaget i 2019 sa ho litt motvillig ja.

Ungane er med på det meste

– Planen var å vera med i styret som medlem i to år. Men det skar seg totalt. Eg blei nestleiar, og kort tid etter flytta ho som var leiar. Så no er eg leiar på tredje året. Det er alltid ting på gang, men Valevågdagen og Midtsommarfest er kanskje mest kjent utanfor bygda, seier ho.

Sambuaren Kjetil Skogland synest det kan bli litt mykje engasjement av og til, men stiller alltid opp. Enten det er å ta seg av ungane eller å bidra med dugnad.

– Ungane er med på det meste eg held på med, og eg tenker det er ein god ballast å gje dei at det er både kjekt og viktig å bidra til felleskapet. Dei er framleis så små at dei legg seg tidleg. Då får eg eigentid til å strikka eller gå ein tur om sambuaren er heime.

Ein heil dag fri

– Kva vil du gjera ein dag der du har heilt fri? Ingen andre heime eller ting som skal gjerast for bygda.

– Då trur eg at eg hadde blitt stressa, ler Anne Lise, som etter å ha tenkt seg litt om svarar:

– Eg ville ha gått på besøk til nokon eg ikkje har sett på lenge. Eg har gode venninner i Haugesund eg ser altfor lite til. Og så ville eg hatt ein god massasje.

sommarbuketten

Powered by Labrador CMS