nyhende

– Eg gjer jo ikkje alt dette aleine! Mange bidrar, og det er det som gjer det kjekt å få til ting, seier Camilla Uri. FOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
– Eg gjer jo ikkje alt dette aleine! Mange bidrar, og det er det som gjer det kjekt å få til ting, seier Camilla Uri.

– Eg er nok ei som tar affære

Camilla Uri (36) er ei som får ting gjort. Som då pengane til grendahuset kom ein tirsdag, og alt var handla inn og første strøk malt torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Sommarbuketten 2023

Vestavind deler også i år ut sommarbukett til personar som gjer ein ekstra innsats for at andre i lokalsamfunnet skal ha det bra. Desse har fått sommarbuketten:

Flemming Lothe, 8. juni

Nils Kristian Haga, 15. juni

Hildur Larsen, 22. juni

Thomas Førde, 29. juni

Anne Lise Økland, 6. juli

– Det var kort tid før 17. mai, og eg syntes det ville vera kjekt at møblar, interør og nymalt hus sto klart til nasjonaldagen. Det er vel dagen i året det er flest samla på den gamle skulen, seier Camilla.

Ho set stor pris på sommarbuketten, men vil helst dela den ut til alle andre som bidrar til det gode miljøet og naboskapet på Lid.

Bidrar med mykje

Lista over ting ho har bidratt med gjennom 13 år er lang frå innsendaren som har nominert henne. Her er kortversjonen, og den er på langt nær utfyllande:

Pådrivar i velforeininga. Fekk laga badestrand og skaffa kano til utlån. Aktiv i grendalaget. Flink til å skaffa pengar til ulike ting, som oppussing av grendahuset. Skaffa eigenhendig møblar og interiør til grendahuset. Stiller opp på dugnadar. Lagar mat til drillarrangement. Ho har eit sprudlande vesen og er open og imøtekommande. Gjer ein stor innsats for at andre skal ha det bra.

Kjekke ting for fellesskapet

– Eg gjer jo ikkje alt dette aleine! Mange bidrar, og det er det som gjer det kjekt å få til ting. Men eg er nok ei som tar affære. Når det blir snakka om nok, set eg fort i gang og får ting gjort. Mannen min synest det kan bli litt vel mykje av og til. Det er godt han er tålmodig, ler ho.

Mannen er Svein Erik Uri. Han kapra den sprudlande tysværbuen frå Hervik og fekk henne med seg til Sveio og Kvalvågvegen. Det var tilfeldig at dei hamna akkurat der, men dei stortrivst, og det gjer også to barn, hund og katt.

– Me må ta ansvar for eiga lukke og kvardag. Å bli kjent med folk er viktig for å trivast. Då må ein invitera folk, gå på besøk og bidra til at det skjer kjekke ting for felleskapet, seier Camilla.

180.000 kroner på ei veke

Som heller vil snakka om det som skal skje framover er det som har skjedd. Camilla jobbar som kontroller, og er god på å søka pengar til ulike prosjekt og tiltak.

– Me fekk for kort tid sidan 150.000 kroner frå nærmiljøfondet til kommunen. Nesten samtidig fekk me 30.000 frå Bremnes Seashore. Pengane skal brukast til å bygga gapahuk, grillstove og lounge (salong) på og ved Lid skule. Grillhytta skal ligga ved akebakken, og tenk kor koseleg det blir  å kunna bruka den også om vinteren. Når alt er på plass, vil det vera tilgjengeleg for heile Sveio. Her kan ein til dømes ha bursdagar, seier Camilla.

Livsnytar

– Kva hadde du gjort med ein heil dag fri? Familien vekkreist og ingen dugnad eller andre ting?

– Eg er ein livsnytar, så eg hadde starta morgonen med yoga. Deretter ein padletur før eit besøk på Albatross Spa. Dagen ville eg ha avslutta med vinklubbdamene i nabolaget i ro, harmoni og godt lag, seier Camilla.

sommarbuketten

Powered by Labrador CMS