nyhende
Ikkje bestemt kva lokalet skal brukast til vidare
Restauranten Fontana vart lagt ned i sommar, og allereie har utleigar Morten Tellefsen fått nye førespurnadar om lokalet. Sjølv er han usikker på kva som vert neste steg og vil snakka med kommunen.
– Eg har eigentleg ikkje bestemt meg for kva som skjer vidare, seier Morten Tellefsen.
Utleigaren av Sveiogata 74 har teke eit blikk på historikken til lokalet, også før han overtok bygningen, og det har danna seg eit bilete. I den tida har det vore fleire restaurantar der.
– Konklusjonen er at det ikkje fungerer. Det har vore slik verksemd der i åra før meg også. Eg er usikker på om kundegrunnlaget er stort nok, seier Tellefsen.
Gjekk berre ikkje
Sidan 2016 har han leigd ut lokalet. Då Fontana gav beskjed at dei skulle stenga kom det som ein trist, men ikkje overraskande nyheit.
– Det har ikkje vore økonomi for korkje meg eller dei som har drive Fontana. Frå mi side har det vore betydelege lettingar på husleige tidlegare, utan at det har hjelpt, seier han.
– Har du gått i minus?
– Ja, eg har det, men det har jo vore slik for eg har håpa at Fontana skulle gå rundt, seier Tellefsen.
Ikkje lenge før dei stengde ned skifta Fontana namn til Pizza Time.
Vil høyra med kommunen
Allereie har han fått nye førespurnader om lokalet.
– Det har vore folk som er interessert i å leiga for same type verksemd, fortel han.
– Kva mogelegheiter har du for lokalet? Kan det verta ein leilegheit, til dømes?
– Det kjem an på kommunen. Eg har ikkje vore i dialog med dei og vil gjera det først. Det kunne det gjerne ha vore for min del, men det er vanskeleg å seia utan å ha snakka med kommunen først, svarar Tellefsen.
Inntil han kjem fram til kva lokalet skal nyttast til, skal det få stå i fred.
– Eg ynskjer ikkje å byrja med noko der når eg ikkje har landa på noko, seier han.
Valde Haugesund framfor lokalt
Vestavind har kome med førespurnad til eigar av Fontana Alexis Filippidi, men ikkje fått svar. Til Haugesunds Avis forklara han tidlegare at publikum svikta.
– Me fekk ikkje den responsen me ynskte, sa Filippidi.
Restauranten vart opna under pandemien i 2021, og saman med høge straumkostnadar var det to faktorar som gjorde økonomien ekstra vanskeleg. Og så sakna dei nok kundar rett og slett.
– Dei drar til Haugesund i staden for Sveio, sa Filippidi til Haugesunds Avis om sveibuene sine spisevanar.