nyhende

Øvst på Hesthamro har Gerd Ingunn Christensen og sambuaren flott utsikt til Auklandshamn, Bømlafjorden og Bømlo.
Øvst på Hesthamro har Gerd Ingunn Christensen og sambuaren flott utsikt til Auklandshamn, Bømlafjorden og Bømlo.

Frivillig arbeid både på jobb og fritid

Gerd Jorunn Christensen (61) fekk frivillig arbeid inn med morsmelka. – Ein må vera aktiv sjølv for å få ting til å skje, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

Sommarbuketten 2023

Vestavind deler også i år ut sommarbukett til personar som gjer ein ekstra innsats for at andre i lokalsamfunnet skal ha det bra. Desse har fått sommarbuketten:

Flemming Lothe, 8. juni

Nils Kristian Haga, 15. juni

Hildur Larsen, 22. juni

Thomas Førde, 29. juni

Anne Lise Økland, 6. juli

Camilla S. Uri, 27. juli

Til dagleg er ho frivilligrådgjevar i Kirkens Bymisjon. Med kontor i Haugesund og heile fylket som arbeidsområde. I Sveio er det arbeid for Auklandshamn som er i fokus. Ho står på for bygdalaget og Auklandshamn året rundt, skriv den som har nominert Gerd Jorunn til sommarbuketten.

Ho vaks opp på Nedre Økland, og mor og far hennar starta butikken i Auklandshamn. Som vaksen budde ho 15 år på Torvastad der dei to døtrene hennar vaks opp. Men Auklandshamn trekte. Først kjøpte ho og sambuar Sverrir Edvaldsson huset på toppen av Hesthamro som hytte. For 10 år sidan flytta dei inn i nytt hus ved sida av.

– Ein må ta ansvar sjølv

Å driva frivillig arbeid fekk ho bokstaveleg tala inn med morsmelka.

– I tillegg til å driva butikken var mor med som leiar i mellom anna korpset og husmorlaget. Men det er ikkje nok at ein kjem frå bygda når ein flyttar tilbake. Ein har eit ansvar sjølv for å få ting til å skje. Med å bidra med frivillig arbeid blir ein kjent med folk og kjem også inn i den sosiale fellesskapen,  seier Gerd Jorunn.

Ho var leiar i bygdalaget for ein del år sidan, men det blei så likt jobben at ho gav seg. No er jobben blitt annleis, og i november i fjor tok ho fatt som leiar i bygdalaget igjen.

Travelt halvår

Det er ikkje lite som har blitt gjort sidan november. For pengane frå nærmiljøfondet til Sveio kommune er det kome på plass grillhytte og gapahuk ved parkeringa til Nipastova, som bygdalaget har ansvar for, og treningsapparat er på veg. Ved Langavatnet er huset fiksa og mala, ny flytebrygge komen på plass. Her er det henta midlar frå SIM, og Lerøy har sponsa benker.

– Me klarte å fiksa alt til badesesongen starta, og har også hatt kiosk der delar av sommaren. No har jentene som dreiv kiosken sommarferie, men me prøver å halda den open når det er fine dagar, seier Gerd Jorunn.

Midt oppi alt dette kom det førespurnad frå Snuppeturen om bygdalaget kunne arrangera fest etter årets Snuppetur. Utan særleg erfaring med større festarrangement, heiv dei seg rundt og fekk det til.

Håper på fleire festar

– Kvelden blei kjempekjekk, og folk frå 18 til 84 år var med. Det skjer ein del i Auklandshamn, men me manglar sosiale felleskap for alle. Me treng ein skikkeleg fest, og eg håper dette kan bli eit fast arrangement framover, seier Gerd Jorunn.

Ho kan ikkje få gitt nok ros til resten av styret, komiteane og andre engasjerte i bygda som bidrar når noko skal gjerast.

– Om du skal gjera noko berre for deg sjølv, kva er det?

– På denne tida er det å dra på sopptur. Eg er veldig sosial av meg, men treng også å vera aleine av og til. Når eg går og plukkar sopp er det som meditasjon, seier Gerd Jorunn, som også sit i styret til Haugaland sopp- og nyttevekstforening.

sommarbuketten

Powered by Labrador CMS