nyhende

Halvanna døgn med mykje regn og vind

Sjølv om det blir rikelig med regn og mykje vind tysdag, er det ikkje sendt ut generelt farevarsel for Vestlandet. Skal du reisa med ferja til og frå Buavåg, kan det likevel vera lurt å legga inn god tid.

Publisert Sist oppdatert

På Vestlandet er både folk og naturen så vant til å takla mykje vatn og vind, at morgondagen nesten er som vanleg vestlandsvêr å rekna. Slik det ser ut no, er det berre ytterkanten av ekstremvêret «Hans» som når oss.

Tysdagen og natt til onsdag blir det kraftigast regn og vind, men allereie i ettermiddag aukar det på med både vind og vatn. Slår maksmeldinga til, vil det koma over 50 millimeter regn i Sveio i løpet av tysdagen. Frå midnatt onsdag og fram til klokka 18.00 er maksmeldinga vel 20 millimeter.

Kummar og problemplassar

Det er ikkje sett i verk særskilte tiltak i kommunen, men som alltid når det er varsla mykje vêr er blir mellom anna kummar sjekka.

– Me har også rutiner for å sjekka kjente problemplassar, og har i tillegg sjekka kommunale bygg. Der er alt i orden, seier Fredrik Aalo Flood, leiar drift og anlegg.

Det blir godt med vind på ferjesambandet Langevåg– Buavåg tysdag. Mest vind er det meldt i Langevåg med full storm i vindkasta heile tysdag. I Buavåg og på Bømlofjorden er det meldt litt mindre vind med liten storm i kasta gjennom dagen.

Du bør rekna god tid

– Bør folk bu seg på kansellerte ferjeavgangar?

– Me vurderer forholda fortløpande, og tryggleiken kjem først. No kansellerer me ikkje avgangar på førehand, men med det vêret som er meldt anbefaler me folk å planlegga ekstra god tid til turen. Å køyra rundt kan også vera eit reelt alternativ, seier regionsjef Tor Kristoffersen i Fjord1.

Han oppmodar folk til å følga med på Fjord1 sine nettsider.

– Der blir trafikksituasjonen oppdatert fortløpande. Det same gjeld for dei som har abonnement på SMS-varslinga vår. Straks det er endringar vil dei få melding, seier Kristoffersen.

Vanskelege køyreforhold

Mykje regn kan også skapa vanskelege køyreforhold. NAF har gått ut med følgande råd til bilistar som skal ut i uvêret:

  • Mykje vatn i vegbanen aukar faren for vassplaning. Set farten ned, spesielt på stadar med mykje vatn.
  • I tett regn blir det ofte dårleg sikt. Det er viktig å sjekka at både baklys og køyrelys fungerer som dei skal.
  • Ved styrtregn kan det samla seg vassdammar. Ver forsiktig når du køyrer ut i vassdammar du ikkje veit djupna på. Det skal ikkje store djupna til før det kan skada bilen dersom det kjem vatn inn i styringseiningar og motor.

– Dei fleste bilar er ikkje bygde for å vada gjennom djupt vatn. Resultatet kan bli svært kostbart dersom ein tar sjansen og det viser seg at vatnet er djupare enn ein trudde, seier Jan Harry Svendsen, rådgivar i NAF.

Ikkje over 20 cm djupt

Ein vanlig personbil er anbefalt å ikkje å køyra i vatn som er over 20 cm djupt. Ein SUV eller større bil tåler noko større djup, men ofte ikkje meir enn 30-35 cm.

Skadar som følge av inntrenging av vatn i motoren blir dekka av kaskoforsikringa. Men, har du køyrt ut i vegparti med høg vassstand kan du risikera å få mindre i erstatning ved ein skade.

– Kvart tilfelle blir vurdert for seg, men har du køyrt ut i eit område med openbert for mykje vatn, kan du risikera avkortning på forsikringa. Det samme gjeld om du som følge av vatnet køyrer ut av vegen, seier kommunikasjonssjef Pål Rune Eklo i Gjensidige.

Powered by Labrador CMS