nyhende

Ei oppleving som ikkje kan beskrivast, seier hovudinstruktør Marilena Kvalvåg Panayiotou.
Ei oppleving som ikkje kan beskrivast, seier hovudinstruktør Marilena Kvalvåg Panayiotou.

– Eit «adrenalinkick» utan like

Blant 2500 deltakarar sto Sveio Drill og venta i spenning på resultata i verdsmeisterskapet. Marilena Kvalvåg Panayiotou stod med elevane sine då jubelen braut laus. – Ei oppleving som ikkje kan beskrivast, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

Sigerskjensla har ikkje lagt seg fullstendig for Sveio Drill, sjølv om deira del av tevlinga er over.

– Kva gjer deltakarane på no?

– No slappar me godt av og berre kosar oss. Me heier på landslaget og nyt kvardagen, seier trenar Marilena Kvalvåg Panayiotou.

Same arena som Eurovision

Det er framleis mykje å sjå på verdsmeisterskapet i drill, som held fram i nokre dagar til.
Plasseringa åleine er noko heilt spesielt. For om du såg Eurovision i år, då såg du den enorme salen kor VM finn stad.

Og midt i den, føre tusenvis til stades og titusenar som såg via internett, tok Sveio Drill gull, sølv og bronse.

Panayiotou fekk med eigne auge ta inn storleiken på salen.

– Det er ein fantastisk arena, og det er eit veldig stort arrangement. Det er der Eurovision vart arrangert i år, seier ho.

Ein slik storleik var nødvendig grunna noko endring i verdsmeisterskapet. I år fekk nemleg enda fleire lag delta, forklarar trenaren, noko som gjorde eit stort arrangement større.

– Me var jo på VM i Nederland i fjor, men dette er mykje større enn me er vant me, seier Panayiotou.

Store stjerner

Deltakarar frå heile verda var samla i Liverpool. Og blant dei var det fleire trekkplastre.

– Utøvarane våre går rundt her litt «starstruck» og tek bilete med dei store stjernene innan miljøet, seier ho.

– Har dykk sett noko særeige du vil nemna?

– Ja, me har aldri fått sjå lag frå Japan før, og dei er i ein annan liga. Fantastisk å sjå dei, svarar ho.

– Kan ikkje beskrivast

– Dette er mogelegvis eit litt dumt spørsmål, men korleis kjenest det å ta gull, sølv og bronse i VM?

– Det var eit «adrenalinkick» utan like. Det å kome av scena og vita at ein har gjort det så godt, svarar ho.

– Korleis reagerte utøvarane?

– Det var roping, skriking og ei oppleving som ein ikkje kan beskriva. Me er berre lille Sveio, så det er heilt utruleg, seier ho.

Tida i Liverpool går mot slutten, og den skal nytast til det fulle. Dei har fått trena utandørs til applauderande publikum, vore på VM-fest, og ikkje minst tatt ein tur på shopping.

Neste internasjonale tevling er to månader unna. Då skal troppen til Europameisterskap i Bulgaria.

Powered by Labrador CMS