nyhende

– Noregs første gullmedalje!

Sveio Drill stakk av med ein medalje av kvart slag frå verdsmeisterskapet i Liverpool. Gull, sølv og bronse vann dei. Og gullmedaljen i VM er Noregs første!

Publisert Sist oppdatert

Samlinga i Liverpool av drilltroppar frå heile verda har vart i nokre dagar. Tusenar av deltakarar har konkurrert i verdsmeisterskap, og frå Noreg stiller totalt 194 deltakarar på ulike lag.

Sveio Drill har tidlegare markert seg sterkt i tevlingar, og denne gongen vart ikkje noko unntak.
Torsdag fekk dei tildelt ein medalje i kvart metall som var å vinna.

Sveio Drill og Haugesund Drillkorps tok bronsemedalje saman i klassen «Showtwirl Corps Junior».

Sveio Drill og Åkra Drill tok sølvmedalje saman i klassen «Exhibition Corps Junior».

Då konkurransen i klassen «Baton Team Junior» vart held, stod Sveio åleine.
Og vann gull!

Hovudorganisasjonen til drilltroppane i Noreg er Noregs Musikkorps Forbund (NMF).
Dei er tydelege på kor stor bragd sigeren til Sveio Drill er.

– Torsdag ettermiddag fekk me vår fyrste gullmedalje. Sveio Drill er verdsmeistrar! Skriv NMF i ei pressemelding.

Kjersti Tubaas, generalsekretær i NMF seier følgjande til Vestavind i ein sms:

– For ein siger til Noreg og Sveio Drill. Her ligg det mykje hardt arbeid bak. Me i forbundet er stolte over dei, skriv ho.

Powered by Labrador CMS