nyhende

Her marsjerer dei norske utøvarane og tek sin plass blant dei andre landa.
Her marsjerer dei norske utøvarane og tek sin plass blant dei andre landa.

Noregs Musikkorps Forbund hyller Sveio Drill

Verdsmeisterskapet var det første kor både korpsdrill og sportsdrill fekk delta saman. Då vart ei allereie stor hending enda større. – Sveio Drill si bragd er stor, seier Ingrid Yerlikaya, nasjonal drillkonsulent i Noregs Musikkorps Forbund.

Publisert Sist oppdatert

Moderorganisasjonen til drillkorpsa i Noreg har all grunn til å vera stolt.
For i det første verdsmeisterskapet der både korps og sportsutøvarar fekk delta, så tok Noreg med heim fleire medaljar.

Ingrid Yerlikaya er den nasjonale drillkonsulenten i Noregs Musikkorps Forbund (NMF). Ho fortel at dei er svært nøgde med Sveio.

Ei bragd

– Sveio Drill si bragd er stor! Kategorien dei vart verdsmeistrar i er relativt ny i Noreg, og dei vann soleklart! Skriv Yerlikaya i ein epost til Vestavind.

Den nye ordninga til VM i drill var noko dei i bransjen var veldig spente på.

– Meisterskapet i Liverpool er det første verdsmeisterskapet for både korpsdrillere og sportsdrillere, så det er spesielt og ekstra stort, skriv ho.

2.346 utøvarar frå 24 land

Yerlikaya meiner medaljane til Sveio var vel fortente. Ho viser til omfanget i konkurransen for å forstå kor stort det er.

– I Liverpool deltok det totalt 2.346 utøvarar frå 24 land, skriv ho.

Noreg var representert med fleire lag som totalt utgjorde 194 utøvarar. Blant dei andre landa var Tsjekkia, USA, Italia, Irland, Canada, Tyskland, Kroatia og Japan.

Powered by Labrador CMS