nyhende

Full fart under sommarkarusellen

To dagar til ende fekk 44 ungar kosa seg med mange kjekke aktivitetar sist veke.

Publisert Sist oppdatert

Sveio IL, Sveio folkebibliotek, Sveio kulturskule og Sveio karateklubb samarbeider om å gje 1.-7. klassingane i kommune eit kjekt sommartilbod på Vigdartun og i karateklubben sitt lokale.

Ungane får boltra seg i rundt to timar på kvar aktivitet. Og det er litt av kvart dei får prøva seg på. Fotball, handball, volleyball, dans, spela ulike instrument, ta opp musikk, lesa, spela ballongfotball og læra grunleggande ting i karate, for å nemna noko.

Og så felles lunsj då. Det er både godt med ein god pause, mat og å vera alle i lag. Då Vestavind var innom sto det pizza på menyen til lunsj.

Energinivået er høgt, og det er travelt for dei frivillige. Både idrettslaget og karateklubben stilte med unge frivillige som bidrog til at ungane fekk ei god oppleving. Det blir også lagt ned eit godt stykke arbeid i planlegging og førebuing.

Sommarkarusellen blei arrangert for første gong i fjor. I år kallar dei det allereie ein tradisjon. Det betyr ganske sikkert at det blir sommarkarusell til neste år også.

Powered by Labrador CMS