nyhende
Mange gode hjelparar då katten Alfred sat fast
Då Alfred fekk lov å gå ut for første gong, enda det med at han forsvann. Mange engasjerte seg, og torsdag kveld var katten endeleg trygt heime igjen hos «tante» Anne Gunn Bjørnevik.
– Han er litt sliten i dag, seier fungerande matmor Anne Gunn. Lukkeleg over at Alfred er funnen, og svært takksam for all god hjelp. Sjå video nede i saka.
Historia starta med at Alfred var på sommarferie hos Anne Gunn og mannen i Leitevegen. Dei passar han for ei niese. Etter å ha vore inne nokre veker, og måtta gå i band når han er ute, skulle han endeleg få smaka på fridomen.
– Niesa mi sa at no hadde han vore så lenge hos oss at det var greitt å sleppa han laus. Men han kom ikkje heim igjen, seier Anne Gunn.
Funnen i fjellvegg
Det ble leita etter Alfred onsdag kveld, men han var ikkje å finna. Ikkje dukka han opp torsdag morgon heller, så etter jobb sette ei fortvila Anne Gunn i gang med ny leiteaksjon saman med søstera si, som er «bestemor» til Alfred.
– Han har ein airtag på halsbandet sitt, men niesa mi fekk ikkje signal frå den. Så slo den plutselig inn, og ho såg at katten måtte vera i nærleiken. Me gjekk tilbake til Leitevegen og leita over alt i området ved skolageret til Mani. Der traff me eit par gutar på moped. Dei hadde ikkje sett nokon katt, men hadde høyrt lydar. Og til slutt såg me Alfred høgt oppe i fjellveggen ved skolageret, fortel Anne Gunn.
Ringte brannvesenet
Han hadde truleg ramla utfor kanten og vidare ned på ei fjellhylle rundt 15 meter over dei. Det var altfor farleg til at ein kunne koma seg opp eller ned til han utan rett utstyr.
– Alfred var vettskremt og let seg ikkje lokka då søster mi klatra over gjerdet og ut på kanten over han. Så eg ringte til brannvesenet i Haugesund. Dei var litt nølande til å ta turen til Sveio, og foreslo at me ringte til stasjonen i Sveio. Fem minutt etter den telefonen var det ein brannkonstabel på plass, og kort tid etter kom det to til, fortel Anne Gunn.
«Bestefar» tok klatrejobben
Sveio brannstasjon hadde ikkje nødvendig utstyr til å sikra den som skulle ta seg til katten. Men diskuterte korleis dette raskast mogeleg kunne la seg løysa.
– Då dei begynte å snakka om å rekvirera korgbil frå Karmøy, sa søster mi at ho ville ringa mannen sidan han har klatreutstyr. Han var på kurs, så det tok litt tid før han kom. Brannvesenet blei verande til han kom, sikra og heiste opp katteburet, fortel Anne Gunn.
Sjå video frå redningsaksjonen under. Fotograf er stasjonssjef John Anders Semb. Brannkonstabel Siren Myhre Rossebø og utrykkingsleiar Silje Kvalvågnes står på toppen av fjellveggen.
Rørt kattepassar
– For nokre fantastiske brannfolk me har som tar seg tid på denne måten. Mopedgutane fortener også ros. Dei var med å leita og følgde med til Alfred var redda. Naboar og andre begynte også å leita før me fann han. Eg er rett og slett rørt over engasjementet for ein liten katt, seier Anne Gunn.
Alfred var skremt og sliten då han kom på trygg grunn igjen, men elles i fin form. Ein ting er dog sikkert:
– Det blir ikkje meir leiting i Leitevegen etter dette. No må han vera inne eller ha band på seg når han er ute, seier Anne Gunn Bjørnevik.