nyhende

Tidlegare innlegg hos ordføraren som lenkar til Sveio Ap si side, står som utilgjengeleg.
Tidlegare innlegg hos ordføraren som lenkar til Sveio Ap si side, står som utilgjengeleg.

Sveio Ap si Facebook-side stengd – truleg grunna sabotasje

Tysdag ettermiddag vart det oppdaga at Sveio Arbeidarparti si side på Facebook var stengd. Fleire andre lokallag er råka og partiet mistenker sabotasje.

Publisert Sist oppdatert

Fleire av Arbeidarpartiet sine lokallag fekk sine Facebook-sider stengde tysdag av ei ukjend årsak. Sveio Ap var ein av dei.

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) kunngjorde på si eiga Facebook-side at dei ikkje er åleine om å oppleva stengde sider, og at det kan vera snakk om sabotasje.

Blant lokallaga som vart råka finn ein nokre på Vestlandet, som Fedje, Stad og Stord. Steinar Ottesen,pressetalsmann for Arbeidarpartiet sentralt, stadfestar at også fleire lokallag på Austlandet vart råka.

Sveio Ap si side er framleis nede onsdag morgon, men Erve opplyser at det vert jobba nasjonalt med saka.

Powered by Labrador CMS