Treet på biletet fekk eg for nesten nøyaktig fire år sidan. Eg fekk det av to som tilfeldig køyrde tur for å sjå på feltet der eg bur. Det var tynt og stusseleg, knapt 1,5 meter høgt, hadde altfor lita rot og hadde stor jobb framfor seg for å skapa eit fundament for vekst og utvikling. Dei to unnskylde seg for at treet ikkje var i betre forfatning. Eg kjem tilbake til treet seinare.
Eg bestemte meg for å engasjera meg i lokalpolitikken tidlegare i år. Den største grunnen til at eg valde å seia ja til å stå på liste for Sveio Arbeidarparti, var jobben Linn Therese Erve har gjort som ordførar dei siste fire åra. Dette trass i utruleg vanskelege saker heilt i starten av perioden og ulike utmeldingar av årsaker som ikkje handla om partiet lokalt.
Erve er ein ordførar som er samlande og inkluderande, noko som er utruleg viktige eigenskapar for ein ordførar. Ho er utruleg flink på interkommunalt samarbeid. I denne perioden har Sveio vorte sett på kartet i regionen. Me er betre rusta for kva framtidas Haugaland og Sunnhordaland har behov for. Me har ein ordførar som representerer kommunen på ein fantastisk måte og er valet mitt som Sveio sitt ansikt utad.
Fleire andre parti har gått til val på at Sveio kommune treng endring. Kommunen treng endringar for å gå framtida i møte. Men for å få til gode og effektive endringar og utvikling, treng me også kontinuitet. Eg meiner at Erve bør få høvet til å stå for den kontinuiteten. Gjennom fire års erfaring i stillinga har ho endå større føresetnader for å føra Sveio trygt vidare.
Fundamentet som er lagt gir meg tru på vidare vekst og utvikling i heile kommunen. Eg håpar alle vil bruka stemmeretten sin kommande måndag. Og eg håpar mange kjem til å gi stemma si til Sveio Arbeidarparti og Linn Therese Erve.
Treet i hagen min er no nærare fire meter høgt. Stamma har vorte tjukk, og det blomstrar flott om våren. Dei fire siste åra har det bygd eit sterkt fundament for vidare vekst og utvikling. Dei to som køyrde tur den dagen var Linn Therese Erve og mannen hennar. Godt val.
Kristian Haaland
6.kandidat Sveio Arbeiderparti