nyhende
For lite kapasitet på Vigdartun
Det er meir behov enn ledig kapasitet i Vigdartun ifølgje fleire idrettar. Sveio Drill har mista viktig treningstid dei har hatt i 16 år. Dagleg leiar for Sveio IL fortel om lag som må dela treningstid, og lag dei ikkje har plass til.
Sjølv om ho er nyleg tilsett i jobben som dagleg leiar for Sveio IL, er ho godt kjend med problematikken frå før. Lillian Rommetveit sit med skjema føre seg som viser halltidene i Vigdartun, og kva lag som har fått kva tid.
– Måndag har eg Jenter 13. Me er 18 stykk, og frå klokka 17.00 til 18.00 har me ein tredjedels bane. Du kan tenka deg, skal du trena 18 jenter på ein tredjedels bane, det er ikkje plass. Kva får du igjen for treninga då? spør ho.
Før sommaren varsla styreleiar i Sveio Drill, Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou, om dårleg kapasitet i Vigdartun. Panayiotou står på 11. plass for Arbeidarpartiet, men uttalar seg som styreleiar for drillen.
Kort treningstid og for lite plass
Grunna at mange idrettar ynskjer halltid samtidig, vert det trongt om plassen. Vigdartun vert vanlegvis delt i tre deler, sjølv om lag kan søkja på meir enn ein del om gongen. Plassmangel går utover kvaliteten på treninga, noko både Panayiotou i Sveio Drill og leiaren for Sveio IL kan stadfesta.
– Det vert ikkje same effektivitet i treninga som ein hadde fått med full bane slik sporten eigentleg krev, seier Rommetveit.
Faktisk har plassmangelen skapt ein rar situasjon kor Sveio IL må gjera eit snodig grep for å kunne tilby eigne spelarar treninga dei treng.
– For Jenter 13 i handball er det normalt å trena meir. Då er me nøydd til å køyra jentene til Haugesund for at dei skal få trena like mykje som dei vil. Der trenar dei med rivalane deira. Det er både fordi me ikkje har god nok hallkapasitet, og for å behalda dei i Sveio IL lengst mogeleg, seier Rommetveit.
Sveio Drill kom tilbake frå verdsmeisterskap i sommar til nye treningstider i haust. Det gjer at dei må endra på 16 år med stabil trening og rekruttering. Frå før hadde dei det trongt nok, men no vert det enda verre.
Hindrar rekruttering
Rommetveit meiner at Vigdartun sitt største kapasitetproblem utanom fysisk plassmangel, er at «vindauget» for bruk er det same for alle.
– Når ynskjer folk å ha treningar?
– Frå klokka 17.00 til 20.00 på kvardagar, seier Rommetveit.
Treningane må finna stad etter skuletid og jobb, samstundes som det ikkje må vera for seint om det gjeld barn i ein viss alder.
– Me har ikkje trenarar som kan koma her klokka 16.00. Dei jobbar i Haugesund. Trenarane rekk ikkje å koma seg heim, henta ungar i barnehagar og på skular, for å så snu i døra og dra på trening, seier Rommetveit.
Kampen om dei same tre timane gjer at ikkje alle får treningstida og plassen dei treng. Det har konsekvensar for idrettsutøvarane. For drillen hemmar det vidare rekruttering.
– Difor prøver me å få dei yngste inn klokka 17.00, seier Rommetveit.
Feilvurdering av ledig tid
Rommetveit og Sveio IL har i lang tid følgt nøye med på det såkalla nyskapande aktivitetsanlegget, og kva som skal koma. Der har eit eksternt firma gjort ei vurdering av kapasiteten på Vigdartun, noko korkje Sveio Drill eller IL kjenner seg igjen i.
– Eg synest ikkje måten dei har vurdert aktivitetsnivået på Vigdartun er realiteten. Dei har teke med helgane og dei har teke med open halltid, seier Rommetveit.
Ho opplever at dei ikkje forstår at det er snakk om eit idrettsanlegg i Sveio, i staden for eit større urbant område.
– Me bur ikkje midt i byen, me bur på bygda. Firmaet har vurdert halvtimen frå 16.00 til 16.30 som høgaktuell, men det er den ikkje i Sveio. Folk som bur her jobbar jo i Haugesund til klokka 16.00, og så skal dei køyra heim. Og så brukar dei tredjedeler av hallen og reknar halltid for kvar del, seier Rommetveit.
Eit handballag for jenter som er 11 år deler for tida treningstid med jenter som er 10 år grunna at dei ikkje har fått eiga treningstid, understrekar den daglege leiaren.
– Har du ei oppmoding til politikarane i Sveio?
– Tenk langsiktig og tenk utvikling. Kva vil dei for Sveio? Vil dei byggja for her og no, eller ein arena laga for framtida slik at me kan utvikla oss, seier ho.
Rommetveit peiker mellom anna på at Sveio Karate ikkje held til i Vigdartun, men i eit lokale i sentrum og må betala mykje i leige.
– Karaten, Sveio IL og Drillen rommar mange. Me har vakse ut av Vigdartun. Det må politikarane sjå, avsluttar ho.
Utfordrande å få plass til alle
Pål W. Jøsok i Sveio kommune sit med øvste ansvar for tildeling av halltid i Vigdartun. På spørsmål om kva han synest om kapasiteten, viser han til ein rapport frå Link Arkitektur.
Dei trekk fram at største mangel ved Vigdartun er mangel på arena for aktivitetar utanom organisert idrett, altså ein stad for ungdom og barn å henga. Jøsok er samd i observasjonane til Panayiotou og Rommetveit om når det er trongast om plassen.
– Det er nok tida mellom klokka 18.00 og 20.00, skriv han i ein epost.
Når det vert mange som ynskjer halltid på same tidspunkt seier det seg sjølv at ikkje alle ynskje kan oppfyllast. Difor vert oppgåva til Jøsok berre vanskelegare og vanskelegare, desto meir deltaking og sosial aktivitet som ynskjer å finna stad på Vigdartun.