nyhende

Viktoria Rush Lien og Bjarte Stølås Storli i gang med den maskinelle finteljinga av Vikse-røystene.
Viktoria Rush Lien og Bjarte Stølås Storli i gang med den maskinelle finteljinga av Vikse-røystene.

Slik har sveibuane stemt

Her finn du resultata for heile Sveio og oppdelt i krinsane. Det er store skilnader mellom krinsane. Nedst i saka finn du mandatfordelinga.

Publisert Sist oppdatert

Høgre fekk 35,2 prosent av røystene i Vikse. I Førde kom Senterpartiet på topp med 21,3 prosent. I sentrum blei Arbeidarpartiet størst med 21,5 prosent. Ikkje uventa var det også i sentrumskrinsen Tverrpolitisk Fellesliste gjorde det best.

Finteljinga var ferdig tysdag kveld. Då grovteljinga av alle røystene var unnagjort i Sveio, var det allereie tydeleg at skilnadene er store mellom dei dei tre valkrinsane i kommunen. Trass i tilbakegang kom Ap på topp i den mest folkerike krinsen, Sveio. På dei neste plassane finne Høgre Frp og TvF. Deretter følgjer følgjer KrF og nykommaren INP, som er like store i sentrum. Først etter desse to finn me Sp.

Eit heilt anna bilde

I Førde-krinsen er bildet eit heilt anna. Dette er valkrinsen til Sp sin ordførarkandidat Monica Vandaskog Valen, og kan vera noko av forklaringa på at Sp ligg på topp i denne krinsen. Deretter følgjer Frp og Høgre som er jamnstore, så Ap og KrF. Førde er KrF sin beste krins.

I sterk kontrast til Førde, er Vikse KrF sin desidert dårlegaste krins. Bak Høgre på toppen følgjer Ap, Frp, INP og TvF i Vikse. Det er verd å merka seg at Høgre har fått meir enn dobbelt så stor prosentdel som Ap på andreplass. Nykomaren INF, som ikkje har deltatt i ein einaste paneldebatt og vore lite synleg i valkampen, har gjort det rimeleg godt over heile kommunen, men prosentvis aller best i Vikse.

Heile Sveio

  • H: 21,9 % (+3,9)
  • Ap: 19,9 % (-9,2)
  • Frp: 14,2 % (+0,9)
  • Sp: 13,3 % (-8,2)
  • KrF: 9,4 % (+0,3)
  • TvF: 7,8 % (+7,8)
  • INP: 7,2 % (+7,2)
  • SV: 3,5 % (-1,7)
  • MDG: 2,8 % (-2,0)
  • V: 2,7 % (+0,2)
  • Lib: 0,8 % (+0,8)

Vikse krins

  • H: 34,9 % – 110 stemmer
  • Ap: 17,5 % – 55 stemmer
  • Frp: 16,5 % – 52 stemmer
  • INP: 10,2 % – 32 stemmer
  • TvF: 6,0 % – 19 stemmer
  • KrF: 4,4 % – 14 stemmer
  • Sp: 3,5 % – 11 stemmer
  • SV: 3,2 % – 10 stemmer
  • V: 2,9 % – 9 stemmer
  • MDG: 1,0 % –  3  stemmer
  • Lib: 0,0 %

Førde krins

  • Sp: 21,3 % – 86 stemmer
  • Frp: 17,1 % – 69 stemmer
  • H: 17,1 % – 69 stemmer
  • Ap: 16,1 % – 65 stemmer
  • KrF: 10,1 % – 41stemmer
  • INP: 7,7 % – 31 stemmer
  • MDG: 4,7 % – 19 stemmer
  • SV: 2,7 % – 11 stemmer
  • V: 2,5 % – 10 stemmer
  • TvF: 0,5 % – 2 stemmer
  • Lib: 0,2 % – 1 stemme

Sveio krins

  • Ap: 21,5 % – 183 stemmer
  • Høyre: 20,7 % – 176 stemmer
  • Frp: 13,2 % – 112 stemmer
  • TvF: 13,1 % – 111 stemmer
  • KrF: 9,2 % – 78 stemmer
  • Sp: 7,3 % – 62 stemmer
  • INP: 5,2 % – 44 stemmer
  • SV: 3,4 % – 29 stemmer
  • V: 2,8 % – 24 stemmer
  • MDG: 2,6 % – 22 stemmer
  • Lib: 1,1 % – 9 stemmer

Mandatfordeling

Valresultatet 2023 og endring frå 2019 i parantes

  • Ap: 5 (-2)
  • H: 5 (0)
  • Frp: 4 (0)
  • Sp: 3 (-2)
  • INP: 2 (+2)
  • KrF: 2 (0)
  • TvF: 2 (+2)
  • MDG: 1 (0)
  • SV: 1 (0)
  • Lib: 0 (0)
  • V: 0 (0)

MERKNAD:
I ei tidlegare utgåve stod det at Auklandshamn tilhøyrde Førde valkrins. Det stemmer ikkje og det er no retta.

Powered by Labrador CMS