Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
– Offer for nasjonale trendar
Senterpartiet er ein av dei store taparane ved årets kommuneval i Sveio. Over åtte prosent av veljarane er borte og partiet har mista to av fem plassar i kommunestyret. Trass i dette er ikkje situasjonen heilsvart, meiner Monica Vandaskog Valen.
Gjennom samarbeidsavtalen som blei inngått mellom Senterpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Kristelig Folkeparti allereie på valkvelden, håpar Valen å få gjennomslag for Sp sin politikk. Kva posisjonar partiet håpar å sikra seg gjennom dei komande forhandlingane, vil ikkje Valen seia noko om, men ho håpar på godt samarbeid mellom koalisjonspartane.
For fire år sidan, då Sp gjorde eit brakval i Sveio, låg alt til rette for at Valen skulle bli ordførar. To utbrytarar frå Høgre sparka bein under den avtalen som blei inngått på borgarleg side.
Også denne gongen har Vandaskog Valen vore Sp sin ordførarkandidat. Denne gongen er det veljarane som har svekka partiet sin posisjon.
Vandaskog Valen peikar på nasjonale trendar som ei mogeleg årsak til tilbakegangen.
Regjeringsslitasje, strid om elektrifisering av Melkøya og habilitetskrisa som førte til at Ola Borten Moe måtte forlata regjeringa, er nokre av dei utfordringane Sp på landsbasis har hatt å stri med. Valen nemner ikkje nokon av desse sakene, men minner om dårlege meiningsmålingar for partiet i vekene før valet.
– Kva med dykkar eigen innsats i valkampen her i Sveio?
– Me har i alle fall gjort det me kunne. Mange har stått på og gjort ein stor innsats i valkampen. Me har vore ute blant folk, stått på stands og deltatt i debattar for å presentera politikken vår, seier Vandaskog Valen.