sport
Fotballen kastar seg inn i Vigdartun-debatten
Ine Salte Andersen frå fotballmiljøet er samd i kapasitetkritikken mot Vigdartun. Dei har ikkje plass i hallen ein gong og mistar spelarar etter kvar vintersesong. – Me treng ein fleirbrukshall, seier Andersen.
Det var ikkje utan reaksjon at Ine Salte Andersen las saka om dårleg kapasitet på Vigdartun. Ho representerer fotballen i Sveio, og ein av idrettane som ikkje har plass der i utgangspunktet. Vanlegvis har dei to store fotballbaner å trena på, men så kjem vinteren.
– Det er ein kjempeutfordring for oss når snø, is og kulde kjem, då har me ingen plass å trena, seier Andersen.
Treningar går til å måka
Kapasiteten deira kuttast mykje ved at grasbanen ikkje kan brukast frå oktober til mai. Då må alle 278 spelarar trena på ein flate i staden for to. Då vert det mykje trongare om plass og tid. Og så er det sjølve vinteren sin innverknad.
– Kvifor kan de ikkje berre trena utandørs?
– Rett og slett fordi det er snø og is på banen. Ofte går halve treninga til å måka, då får ein berre ein liten firkant å spela på. Og så snør det att til neste dag, eller frys til is og skapar issvullar på banen, seier ho.
Andersen fortel om trenarar som må organisera, avlysa og reorganisera treningar i kaotiske og uforutsigbare omgjevnadar.
– Dei køyrer ned tidlegare på dagen eller spør om foreldre kan sjekka banen. Er det for mykje snø? Om det berre er 2-3 centimeter så vil det bli trakka ned og verta såpeglatt. Er det for mykje snø må dei avlysa på kort varsel, og fleire gonger får ikkje alle barna det med seg, seier Andersen.
Fotballmiljøet fryktar auka fråfall blant dei unge, eller at nokon skal slå seg på knallhard is under trening.
– Me mistar rekruttering for neste årstrinn, og det vert vanskeleg å halda motivasjonen oppe, seier ho.
Kan vera ei løysing for mange
Difor ynskjer ho ein fleirbrukshall. Det er til dømes ein stor hall med kunstgrasbane, kor ein kan leggja hardt golv over til andre aktivitetar og arrangement. Fleirbrukshall trur ho kan vera løysinga på fleire i kommunen sine kapasitetproblem.
– Me ser ikkje for oss noko fancy. Me vil berre ha ein stad å trena utan snø og is, seier ho.
Slike hallar er nemleg å finna mange stader i nabokommunane, ifølgje Andersen. Noko dei merkar kvar vår når sesongen byrjar.
– Då møter me bylag frå rogalandskrinsen som har trent heile vinteren, og me har ikkje sjans fordi me aldri rekk å trena nok, seier Andersen.
Ho meiner det er viktig å få fram at ein fleirbrukshall har lågare driftsutgifter enn ein vanleg idrettshall, då den ikkje er oppvarma.
– Me er villige til å strekka oss langt for å bidra, seier Andersen, og legg til at det er noko dei gjerne vil finna ut av saman med kommunen, eventuelle sponsorar og frivillige.
Vil ikkje gjera det verre for andre
Eit forslag som har kome i frå publikum er å nytta andre gymsalar eller innandørs lokale i kommunen, og å sjå utanfor Sveio sentrum. Det gjer dei allereie for dei laga det er mogeleg.
– Me nyttar oss av gymsalar på Lid, Vikse og i Sveio i vinterhalvåret. Det er ei god løysing for dei yngste spelarane mellom seks til ti år, seier Andersen.
Problemet er at når dei vert eldre, vert gruppene for store og areala for små å spela på. Då treng dei ein heil bane for å trena til kampar. Det får dei ikkje om vinteren, og no er det ikkje veldig lenge til den kalde mørke tida.
Andersen har kjent på problemstillinga i fleire vintrar og luftar at den einaste innandørsløysinga er alt anna enn ei god løysing, heilskapleg sett.
– Kanskje me skal krevja plass i Vigdartun, men då vil problemet berre forplanta seg meir, seier ho oppgjeven.