nyhende

Den lengste eikegreina er 16 meter og veg truleg over 200 kilo.
Den lengste eikegreina er 16 meter og veg truleg over 200 kilo.

200 år gamal eik ga tapt for vinden

I Mølstrevåg knakk eit over 200 år gamalt eiketre i vindkasta onsdag kveld. Store, tunge greiner gjekk i bakken like ved huset der Heidi Magnesdatter Åsbø og familien bur.

Publisert Sist oppdatert

Ho skulle køyra og henta minstemann då det small.

– Heldigvis var han litt forseinka, så eg kom akkurat ut og skulle gå til bilen då store greiner begynte å knekka av treet. Det var skikkeleg skummelt, fortel Åsbø.

Greinene la seg delvis over Mølstrevågvegen, men ho kom seg forbi og fekk henta sonen. Då dei kom tilbake, var det knekt av fleire greiner.

16 meter lang

Det er snakk om eit stort eiketre, og den største greina som har knekt av er heile 16 meter lang. Fleire av greinene veg truleg opp mot 200 kilo, meiner Åsebø, som måte venta nesten ein time før ho kom gjennom på Vegtrafikksentralen og fekk varsla.

– Dei har det tydelegvis travelt i uvêret og måtte prioritera. Men dei lova å senda ut bil og mannskap så snart som mogeleg, seier Åsebø.

Ho har blitt sittande å følga med på treet og vegen, for det er fleire faremoment inne i bildet.

Framleis fare for at fleire greiner knekk

– Det er ikkje gatelys her, og greinene i vegen kjem brått på. Framleis heng det greiner som ser ut som dei kan knekka. Det går også straumleidning ved treet, fortel ho.

Dei har fleire gonger prøvd å få kraftlaget til ta den gamle eika nettopp på grunn av straumleidningane.

– Greinene fall også akkurat der ungane står og ventar på bussen, så det er bra det er haustferie no, seier Åsebø.

Powered by Labrador CMS