nyhende

– Eg ser guten min legga på sprang

Onsdag opplevde Christine Strømø frå Valevåg kvar forelder sitt mareritt. Føre auga hennar forsøkte ei dame å få med seg guten hennar inn i bilen sin. No melder ho saka til politiet.

Publisert Sist oppdatert

Sonen hennar på 11 år var ferdig på skulen og hadde teke bussen heim som vanleg.

– Han gjekk av eit stykke bort i krysset. Eg brukar å møte ungane halvvegs på vegen heim frå bussen, seier Christine Strømø.

– Då får eg ei vond kjensle

Heimen deira i Valevåg har ei lang oppkøyrsel med god utsikt til vegen kor guten hennar kjem gåande heim att frå bussen. Ho viser Vestavind kvar og kva som skjedde onsdag, men ynskjer ikkje å verta teken bilete av.

– Med ein gong eg går ut så ser eg ein kvit bil køyrande sørover. Den køyrde fort. Eg har med meg ein valp og ruslar veldig sakte nedover mot vegen. Eg ser ungen min eit stykke ned, og så ser eg at bilen har snudd og kjem køyrande tilbake til han, seier Strømø.

Då vert ho ekstra merksam og held auga på guten hennar. Og så får ho ein støkk som framleis sit i kroppen.

– Sjåføren rullar ned vindauget og seier noko til han. Eg tenkjer at kanskje ho har køyrd seg vill. Men så ser eg guten min legga på sprang vekk frå bilen og då får eg ei vond kjensle i magen, fortel ho.

Ringte politiet med ein gong

Bilen køyrar fort vekk og Strømø byrjar med ein gong å registrera så mykje ho kan av utsjånaden. Skiltet til bilen får ho ikkje med seg, men baklysa og andre detaljer legg ho merke til. Det er ei etnisk norsk dame i ein kvit bil.

– Eg tenkte at dette må eg hugsa, seier ho.

Då ho spør guten sin fortel han at sjåføren, som var ei vaksen dame, hadde spurt om ho skulle køyra han heim fordi ho visste kvar han budde.

– Eg skjønte at det var ei som hadde forsøkt å få med guten min i bilen, seier ho.

Det heile skjedde veldig raskt, så sonen fekk ikkje med seg mange detaljar rundt utsjånaden til kvinna. Strømø ringte politiet med ein gong etter hendinga, og både ho og sonen snakka med dei om kva som hadde skjedd.

– Dei ba oss finna ut kva bil det kan ha vore. Guten min har peiling på bil og sa at det var ein BMW. Ved å google fann me ut at det kan ha vore modell X1, seier ho.

Politiet oppmoda dei om å legga ut meldinga på Facebook, kor den i skrivande stund har vore delt 75 gonger. Politiet håpar det kan gje dei tips og åtvara andre foreldre.

Stirra og verka litt rar

Vaktsjef Andre Skram Hansen ved Haugesund politistasjon stadfestar at dei vart varsla i går om hendinga og at dei sende ut patruljer for å leita.

– Dei forsøkte å leita men fann den ikkje, seier Hansen.

Politiet har ikkje motteke fleire meldingar om liknande hendingar. Om det berre var ei misforståing så håpar Strømø på snarleg oppklaring. Oppførselen til sjåføren synest ho i beste fall var uforståeleg.

– Det er rart at ho snur og køyrer tilbake forbi guten min. Han var 30 til 40 meter unna oppkøyrselen, og så tilbyr ho å køyra han heim.

Strøm er open for at det kan vera ei anna forklaring enn forsøk på å lokka guten inn i bilen, men har vanskeleg for å forstå kva det skulle vere, som til dømes å forveksla guten med ein annan som sjåføren kjende. Sonen går på ein liten skule og det er ingen andre gutar som liknar på han til den grad at ein kjenning kunne ha teke feil av dei.

– Eg vil gjerne høyra hennar side av saka, seier Strømø.

Melder til politiet i dag

Vestavind har snakka med ein nabo av Strømø. Naboen fekk ikkje med seg sjølve hendinga kor bilen snudde og stoppa med guten, men såg både ein kvit bil køyra sørover i tidsrommet, og at guten til Strømø gjekk langs vegen.

– Det er mange bilar som brukar vegen, og ein del framande bilar også, seier naboen.

No håpar Strømø enten at sjåføren eller andre kan hjelpa familien og politiet å løysa opp i saka. For inntil det skjer så er tryggleiken borte.

– Eg er framleis skjelven og kvalm. Me veit ikkje korleis me skal gjera det framover, kor langt barna skal få bevega seg aleine, seier Strømø.

Torsdag føremiddag fortel ho at ho skal til Stord for å melda saka til politiet, og at ho håpar det kan gjera at dei finn ut av det.

Powered by Labrador CMS