nyhende

– I verste fall vert bilen hengande på understellet

Vegen der Per Kjell Torvastad bur er så trong at møtande bilar må inn til sida. Det er ikkje så kjekt når høgda på vegskuldra nærmar seg 25 centimeter. Og, så er det alle dei djupe hola i vegen også.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har budd her i 45 år no. Eg er opphaveleg frå Torvastad på Karmøy. Frå eg var gamal nok til å halda meg fast, sat eg på med faren min då han fiksa på vegar, lappa asfalt og liknande. Eg såg korleis han gjorde det, seier Per Kjell Torvastad.

Han har teke Vestavind med på tur langs Lindøyvegen. I fjor fekk dei heilt ny asfalt over eit langt strekk, men dessverre var det ikkje heilt gjennomført meiner han.

– Eg er vakse opp med vegarbeid og ser når det er noko som skurrar, seier Torvastad.

Høge skuldrer

Lindøyvegen har ikkje plass til to møtande bilar, og langs dei mange møteplassane er asfaltkanten så mykje høgare enn tidlegare veg at det skapar problem.

– Ein nabo fekk eit hjul på tilhengaren sin utfor skuldra då han måtte vika for møtande bil. Felgen vart bøygd grunna asfaltkanten var så skarp, og dei stod der utan luft i dekket, seier han.

Problemet er gjennomgåande omtrent heile den nye asfalterte strekninga, men ein møteplass ved Husavatnet er den verste.

– Her kan du sjå at det er nesten 60 centimeter kor dei ikkje har asfaltert over grusen, seier Torvastad og viser kor mykje større møteplassen var før ny-asfalteringa.

– Kor høg trur du kanten er her?

– 25 til 30 centimeter på det verste. Hadde dei berre skråa kantane hadde det ikkje vore så gale, seier Torvastad.

Han tenkjer det berre er eit spørsmål om tid før ein personbil får seg ei stygg overrasking.

– Kjem du utanfor asfalten her så tek du nedi, og i verste fall vert ein hengande på understellet.

Djupe hol

Når ein kjem forbi den utbetra strekninga er det tilbake til gamal asfalt. Det kjem utan høge vegskuldrer, men med ein heil del hol.

– Det skumle med eit stort hol er at det vert fylt med vatn og vert «usynleg», altså at ein ikkje kan sjå kor djupt det faktisk er, forklarar Torvastad.

– Har du skada bilen her nokon gong?

– Nei, eg er obs og passar meg. Men når utanforståande kjem kan det skje, svarar han.

Langs vegen ned til området han bur er det fleire hol, og enda fleire lappar med asfalt.

Desse er tidlegare hol. Dei går frå å vera små til store ganske fort. Kvar gong eit større køyretøy passerer, så riv det av ein liten bit. Det tek berre nokre veker.

Etterlyser meir vedlikehald

Då han flytta her var det grusveg, og dei fekk asfalt først rundt 2008. Før den tid har han tetta mang eit hol med grus.

– Kva kan vera ei varig løysing?

– Dei må grava opp alt og legga i ordentlig fyllmasse. Det skjer ikkje i mi levetid, humrar han.

Men han skulle gjerne ha sett meir aktivt vedlikehald frå entreprenør, og gjerne ny asfalt på strekninga med så mange hol.

– Dei kan enkelt fiksa kantane på møteplassane, og skråa dei. Eller berre fylla med grus så det ikkje vert så skarp og bratt høgdeforskjell, seier han.

– Seier du ja om ein politikar vil koma på omvising?

– Ja, svarar han.

Torvastad håpar noko vert gjort. Vegen har overraskande mykje trafikk med traktor, personbilar og fleire turbussar.

– Det skal ikkje så mykje til før det vert betydeleg betre, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS