nyhende

Tagga spørsmålsteikn på Øklandsvegen

Ein ukjend gjerningsperson har tagga fleire stader på Øklandsvegen. Både hol og hump er merka med spørsmålsteikn. Ansvarleg vegentreprenør stadfestar at det ikkje er dei.

Publisert Sist oppdatert

At det bur nokon med god humor og initiativ på Auklandshamn fekk nyleg ei synleg stadfesting. På minst to stader langs vegen frå E39-krysset på Rød til bygda har det kome ny vegmerking. Til skilnad frå vanleg vegmerking har denne merkinga eit litt meir humoristisk preg.

Nokon har nemleg spraya spørsmålsteikn over område med hol eller humpar. Vegentreprenøren Mesta har ansvaret for vegen gjennom deira kontrakt med Vestland fylkeskommune.

– Det er ikkje me som har gjort det, seier Roger Lemme byggeleiar for drift og vedlikehald i Vestland fylkeskommune.

Ein tilsett Vestavind har snakka med stadfestar at det heller ikkje er Mesta sin kunst som no pregar vegen.

– Nei det er nok ikkje oss, humrar den tilsette og fortset

– Det er nokon private som synest det er veldig gøy å tagga på vegen.

I svingen ved Krokavatnet har eit holt vorte fylt med litt for mykje ny asfalt, og difor gått frå å vera eit hol til ein hump. Dette er no omringa av spraymåling med spørsmålsteikn.

På brua over Krokabekken litt nærmare Rød er det nok ein firkant med spørsmålsteikn. Her har eit søkk i vegen gjort at dei som køyrar mot E39 kjem til å testa fjøringane på høgre side av bilen. Mesta la ny asfalt på fleire stader langs Øklandsvegen i år og har trygga Nappabrua.

– Me har ikkje noko planar om å gjera fleire tiltak langs vegen pr no, seier Lemme.

Powered by Labrador CMS