nyhende
Solid økonomi no – ser store utfordringar framover
Økonomisjef Peter Lura seier Sveio er førebels i ein god situasjon. Men på lengre sikt må grep gjerast, særleg viss store prosjekt som nyskapande aktivitetsanlegg og ny symjehall skal gjennomførast.
Under orienteringa for kommunestyret fortalde Peter Lura om korleis det stod til med økonomien til kommunen. Bodskapet er i klartekst at det står bra til, inntil vidare.
– Kommunen er i ein god økonomisk posisjon. Me har hatt ein del gode år og har ein god del pengar på fond, seier Lura.
God råd inntil vidare
Fondet han snakkar om har om lag 130 millionar kroner, og utgjer nesten ein fjerdedel av driftsinntektene til kommunen (23,5 prosent). Det utgjer om lag dobbelt så mykje av inntektsgrunnlaget som for ein samanliknbar kommune.
– I 2022 hadde me overskot. I 2023 varslar me underskot. Det står att å sjå, men me trur det vert på mellom 5 til 10 millionar kroner i underskot. I 2024 legg me opp til 650.000 kroner i overskot. I 2025 varslar me underskot på 4,5 millionar kroner ,og så i 2026 eit overskot på 2 millionar kroner, seier Lura.
Svinginga mellom over- og underskot er ikkje så bra, og skuldast i stor grad ujamn inntekt frå Havbruksfondet. På sikt må noko gjerast.
– Normalt burde me ha gått 6 eller 7 millionar kroner i overskot kvart år. Rådmannen har sagt at me må sjå på investeringane som er planlagde dei komande åra, seier Lura.
Store prosjekt vil kosta
Ny kommunal barnehage er meir eller mindre teken med i rekneskapen. Økonomisjefen snakkar om prosjekt som nyskapande aktivitetsanlegg og symjehall. Ved inngangen til august hadde Sveio kommune 571 millionar kroner i gjeld, kor 170 millionar av desse står ubrukt på konto.
– Er ikkje det mykje gjeld?
– Det er mykje pengar, men Sveio ligg lågare enn dei fleste andre kommunar på gjeldsnivå, seier Lura og kjem med eit døme:
Sveio har såkalla «netto renteeksponert gjeld» på 20,7 prosent, samanlikna med den gjennomsnittlege vestlandskommunen som har 43 prosent.
– Om dei 170 millionane vert brukt, så vil den prosenten auke, seier Lura.
Store utfordringar
Han understrekar at av noverande gjeld så er det ikkje alt som direkte belastar kommunerekneskapen, sidan ein del vert betent av sjølvkost.
– Kva er Sveio kommune sin plan for å betene gjelda?
– Som rådmann sa under orienteringa for kommunestyret må tiltak gjerast i drift. Difor foreslår han mellom anna tilsetjing av ein innsparings- og forbetringsrådgjevar som skal senka utgiftene på sikt, seier Lura.
Eit eksempel på innsparingstiltak er å auka kostnadane for tenester knytta til kommunale byggesaker. Dette var eit døme rådmann Jostein Førre trakk fram under orienteringa den 6. november.
– Dei klarar ikkje å dekka sjølvkost med sal av tenester. Alternativet er å auka gebyra betrakteleg, sa Førre til kommunestyret.
Alt i alt meiner Lura at Sveio har ein god økonomisk situasjon, men for at det skal halda fram må det skje endringar innan pengebruken.
– Me ventar store utfordringar i framtida, avsluttar han.