nyhende
– Det var det heilskaplege som freista
Lill-Beate Møksvoll jobbar på legevakta i Haugesund, men i februar byrjar ho i ny jobb som kommunal lege i Sveio. – Eg ser fram til å verta kjend med sveibuane.
Av dei fem som søkte på den ledige legestillinga i Sveio, var det Lill-Beate Møksvoll som fekk jobben. Haugesundaren fortel at det var ei flott stilling som var for god til å ikkje søkja på.
– Ei kommunal stilling knytta til eit eldresenter med ei pasientgruppe som er godt ivareteken. Det var totalpakka i det heile som freista, seier Møksvoll.
Spesialiserer seg
Som ny kommunal lege skal ho jobba både for dei på omsorgssenteret og sveibuen i gata. Bak seg har ho fleire års erfaring innan yrket.
– Eg jobbar på Haugesund Interkommunale legevakt, seier ho.
– Kor lenge har du jobba der?
– Har vore her i to og eit halvt år, svarar Møksvoll.
Som alle ferdig utdanna legar så fortset ho med å spesialisera seg på ein ting. Det tek fem år.
– Eg driv og spesialiserer meg til å verta allmennlege, så om kanskje to år er eg ferdig med det, seier ho.
– Har du noko anna jobberfaring?
– Ja, eg var på Nevrologisk avdeling på Helse Fonna sitt sjukehus i Haugesund, og så hadde eg turnus før det, seier ho.
Må leiga lege
Nøyaktig oppstart er ikkje bestemt enno, men det vert om lag 12. februar. Det betyr at i rundt fem veker må Sveio leiga inn lege, noko som kommunalsjef for helse og omsorg Ingunn Toft har sagt kan kosta rundt 100.000 kroner vekentleg. For Møksvoll vert det ein ny kvardag litt utpå nyåret, og pendlinga mogelegvis litt lengre.
– Har du noko kjennskap til Sveio?
– Ikkje så veldig mykje. Eg har nokre vener som bur der. Så eg får verta betre kjend med kommunen, og det vert spanande. Eg kjenner jo to av dei som jobbar der frå før, seier ho.
– Siste spørsmål, kva kan du seia om deg sjølv som person?
– Hehe, det er eit vanskeleg spørsmål. Eg er ganske blid og imøtekomande. Eg har i alle fall lyst å vera ein god fastlege for sveibuane i mange år, og eg ser fram til å verta kjend med dei, seier Møksvoll.