nyhende
50 prosent auke i søknadar til julegåveaksjonen
I to veker kunne folk søka om julegåver til barna sine hjå Frivilligsentralen. Då fristen gjekk ut såg Guro Røher Eriksen at mengda søknadar har stige. – 50 prosent er mykje, seier ho.
Før dei byrja med årets julegåveaksjon oppmoda Guro Røher Eriksen og kollega Elisabeth Nilsen Staupe folk om å søka. Allereie då snakka dei om skilnaden på kor mange som søkjer og kor mange som faktisk treng hjelp, og at vegringa blant mange vil skjula eit mørketal.
– Eg var førebudd og håpa jo at menga søknadar skulle stiga fordi eg veit at behovet er der, seier Eriksen når søkinga er stengd og søknadane talt opp.
Fleire som spør om hjelp
Leiaren for Frivilligsentralen i Sveio fekk rett, men det er ei bittersøt kjensle.
– At det skulle stige med 50 prosent er mykje, seier ho.
Ifølgje Eriksen er det ikkje noko særskild nytt med søknadane.
– Det er mykje ull og varme klede, til dømes ting ein treng, men kanskje ikkje alle ynskjer seg til jul, seier ho.
Noko anna som fleire har spurd om i tillegg er gåvekort på mat.
– Det veit me ikkje om me kan enno, fordi gåvene er førsteprioritet. Men det viser jo at me brukar mykje pengar på både gåver og mat til jul, seier Eriksen.
Ikkje berre Sveio
Sjølv om det er Sveio som har størst auke, så peiker ho på at dette er ei generell utfordring for lokalsamfunnet.
– Det er nesten like stor auke i Karmøy og Haugesund. Så me oppmodar folk som har mogelegheit til å plukka hjarte og innfri eit ynske, seier ho.
Torsdag 23. november skal hjarta hengjast opp på Sveio senter, og fredagen etter skal hjarta opp på juletre på kjøpesentra Oasen og Markedet. I år har det også vore ein positiv auke, nemleg bedrifter som ynskjer å ha eigne tre til julegåveaksjonen.
– Politiet har gjort det i fleire år, og i år har Deep Ocean teke kontakt ganske tidleg i prosessen. Sistnemde skal ha juletre i lobbyen sin. Då kan tilsette hjå bedriftene plukka medan dei er på jobb og sleppa å reisa til kjøpesentra for å hjelpa, seier ho.
Eit dyrt år for mange
– Kvifor trur du det har vore ein så stor auke+ Er det betre informasjonsarbeid eller økonomien?
– Eg trur det er økonomien, for me har ikkje gjort noko annleis i år. Me har kontakt med forskjellege offentlege instansar som informerer dei som kan ha behov for å søka. Det har rett og slett vore eit år med pressa økonomi for mange, seier Eriksen.
– Trur du alle hjarta vert plukka og innfridd?
– Eg er faktisk veldig spent på det i år. I fjor var det veldig positivt med at nesten alt vart plukka. Men alle skal få innfridd ynska sine. Det som ikkje vert plukka kjem me til å kjøpa, avsluttar ho.