nyhende

Idébank-verksemda Eteka AS 40 år: – Variasjonen i oppdrag gjer jobben interessant

Dei har sydd tusenvis av båtkalesjer, men også trålposar til havforskningsskipet «Kronprins Haakon», taket over utescena ved Hotel Maritim, ulike produkt til både offshore- og oppdrettsindustrien og til og med kunstverk. Eteka AS i Mølstrevåg kan sjå tilbake på 40 år med stor variasjon i oppdrag og utfordringar. Dei tilsette ser lyst på framtida, men er ikkje sikre på om det blir ei framtid i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

– Nettopp dette med variasjon gjer jobben ekstra interessant, seier dagleg leiar Irene
Stuvik.

Vestavind møter henne i det ho er i ferd med å laga nye rygg- og seteputer til ei gammal hestevogn. Vogna er under restaurasjon i Sveio. Oppdrag av denne typen er heller ikkje ukjende for Eteka sine tilsette, fortel Stuvik. Mellom anna har dei sydd nye seteputer av spesialstoff til veteranbilar under restaurering.

Stuvik understrekar også kor stor pris verksemda set på dei ulike oppdragsgjevarane, både faste og meir tilfeldige. Utan desse hadde ikkje Eteka eksistert, seier ho.

Vestavind møter den daglege leiaren saman med tre andre av dei tilsette – Susanne Stuvik, Kjersti Grunnevåg og Trine Grunnevåg. Til stades var også grunnleggjaren av bedrifta Astrid Irene Kallevik. Dei hadde alle mykje å fortelja om kva dei driv med og kva dei har vore med på opp gjennom åra. Den femte tilsette, Hilde Ness Vikse, var ikkje på jobb denne dagen.

Frå kalesjer til kunst

Det starta altså med båtkalesjer. Og kalesjer og puter til både båtar og campingvogner utgjer framleis ein stor del av produksjonen. Dette inkluderer også reparasjonar, både av kalesjer, presenningar og segl. Blant dei meir kuriøse oppdraga var også overbygg over ei prærievogn til ein grønsakbonde på Karmøy.

Eteka har i dag oppdrag både frå private og frå ulike bedrifter. Dei store jobbane, for eksempel frå offshoreindustrien, blir det best tid til i vinterhalvåret når båt- og campingsesongen er over og det difor er stillare på den fronten.

Det kan vera hetter til vinsjar eller paviljongar om bord i offshorefartøy, sandsekker til
helidekka på plattformer pressenningshetter til fakkeltårnet på «Petrojarl Knarr» og luseposar med meir til oppdrettsnæringa.

Overbygg over utescener har dei laga fleire av. I tillegg til Hotel Maritim har dei levert slike overbygg til scena i Vangen i Haugesund og til Alvanuten i Tysvær. Og til våren står ei flyttbarn scene for tur.

Kabeltelt til Haugaland Kraft og andre kraftselskap har dei også levert fleire av. Og då Utsira fyr skulle restaurerast for nokre år sidan, var det Eteka som sydde trekket som skulle verna det gamle tårnet mot vind og vêr. I tillegg kjem puter til klatrehallen i Haugesund.

Sydde sjøstjerne

Kundane får stort sett det dei vil ha. Dei kjem ofte hit med ein idé, og så er me med
på å vidareutvikla idéen og gjennomføra produksjonen, fortel dei tilsette.

Bortsett frå ein kortare periode då dei sydde kalesjer til alle Baracuda-båtane som blei produserte av Dancer Holding i Skjold, har dei ikkje hatt nokon form for serieproduksjon.

Ein av dei som har kome til Eteka med ideen sin, er kunstnaren Bernhard Østebø. Han fekk sydd ei gigantisk, raud sjøstjerne til eit kunstverk han arbeidde med i 2006. Østebø stadfestar dette overfor Vestavind.

– Sjøstjerna var eitt av fire element i eit utsmykkingsoppdrag for ein institusjon i
Stavanger. Det var tenkt som ein kombinasjon av eit utandørs sitjemøbel og ein skulptur, fortel Østebø.

Eit anna kunstverk som Eteka også har medverka til, står utanfor administrasjonsbygget til Haugaland Kraft i Haugesund.

Treng fleire folk

Eteka AS har dei siste åra hatt ein åreleg omsetnad på rundt tre millionar kroner. Verksemda har nok å gjera, og ønskjer å tilsetja ein eller to personar i tillegg til den nåverande arbeidsstokken. Det har til tider vore vanskeleg å få tak i folk, og dei tilsette trur det kan ha noko med at Mølstrevåg blir oppfatta som avsides. Nå har dei likevel fleirejobbsøknader til vurdering.

– Sjølv om tilgangen på nye oppdrag er god, merkar likevel også Eteka at ein del privatkundar er forsiktigare med pengebruken. Høge rentesatsar og svak kronekurs har ført til innstrammingar for mange hushaldningar. Då går det først og fremst ut over det me kan kalla luksusforbruk. For vår del betyr det for eksempel at folk ventar eit år eller to ekstra før dei byter ut den gamle kalesja, medgir Stuvik.

Dei merkar også at råvareprisane aukar. Før kunne dei rekna med prisstiging på materiell ein gong i året. Nå stig prisane gjerne fire-fem gonger årleg, ofte ved kvar leveranse.

Kundar har frå tid til anna gitt uttrykk for at Eteka ligg noko avsides til. Stuvik seier spørsmålet om flytting har vore aktuelt lenge. Primært ønskjer dei flytting til ein annan stad i Sveio, men utflytting frå kommunen kan også bli aktuelt.

– Men me flyttar ikkje for ein kvar pris. Me treng stor plass, og me må sjå på
kostnadene om me skal flytta til andre lokale, seier Stuvik.

Slik var starten

Det var Astrid Irene Kallevik som etablerte Eteka i 1983. Eigentleg ville ho helst byggja på Ekrene, men der var det ikkje tilrettelagt industriområde den gongen. Nå har Kallevik overlete aksjeposten sin til sonen, Tore Kallevik. I tillegg har to tidlegare tilsette mindre aksjepostar i selskapet. Astrid Irene Kallevik eig framleis bygget i Mølstrevåg, som sto ferdig i 1989.

Eteka AS er eit resultat av idébank-arbeidet i Sveio tidleg på 1980-talet. I alt førte dette prosjektet til etablering av fire bedrifter i kommunen. Eteka er den einaste som har overlevd i 40 år. Kallevik fortel korleis det heile starta.

– Eg og mannen min, Erik Kallevik, hadde bygt hus på Ekrene. Og så hadde me skaffa
oss ein liten båt og trong ny kalesje. Me undersøkte kva det ville kosta, og fann ut at det var altfor dyrt. Eg bestemte meg derfor for å sy ny kalesje sjølv. Brukt symaskin som passa til formålet, fekk eg kjøpt frå fengselet i Haugesund, fortel ho.

Kalesjeprosjektet blei vellykka. Det visste naboen, Eva Ekrene, om. Eva Ekrene og Astrid Irene Kallevik delte på den tida ei stilling ved kommunekassen i Sveio. Då idébank-prosjektet blei lansert og kontorsjef i Sveio, seinare rådmann Oskar Arne  Bjelland, snakka med alle tilsette om dette, tipsa Ekrene om at Kallevik hadde kompetanse som kanskje kunne nyttast.

– Eg blei kalla inn til Bjelland, og lurte svært på kva gale eg hadde gjort no. Han ville
berre utfordra meg til å starta ei bedrift for produksjon av kalesjer, fortel ho.

Kallevik tok utfordringa og starta som einaste tilsette i eit gammalt butikklokale ved sida av det bygget Eteka held til i no. Og ho var dagleg leiar fram til Stuvik overtok i 2003, men helt fram i produksjonen fram til eitt år før pensjonsalderen.

Powered by Labrador CMS