Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Ad Libitum – frå PopKORn til konsertar med artistar som Ole Paus
Ad Libitum kviler ikkje på laurbæra, og har heller ikkje gjort det dei siste 40 år. Korjubilanten har nytt program kvart år. Bortsett frå ein song: «O helga natt». Den høyrer med under Sveio kyrkje sin julekonsert.
Det heile starta 30. september 1983. I starten var det 12-15 personar som ville synga i Ad Libitum, men det vaks raskt på seg til 20-25. No har det vore 30-35 songarar ganske lenge, og koret har også medlemmer frå Karmøy og Tysvær.
Per Bjørn Habbestad stifta blandakoret, og han har vore leiar og dirigent gjennom alle 40 åra. Me må spørja om han også er styret.
– Me har eit styre, og det er som regel einstemming, svarar han med eit smil og glimt auga.
– Me har også allmøter i koret, og då blir styret si avgjerd kalibrert på ein god måte, legg han til.
Løftar songen til noko meir
Habbestad er den einaste som har vore med i Ad Libitum samanhengande frå starten. Ad Libitum er latinsk og betyr til behag.
– Det er noko spesielt med kor. Ein treng ikkje vera solist, og 30 røyster gir ein flott klang. Det skjer noko frå individ til kollektiv, og ein løftar songen til noko meir når ein syng saman, seier han.
Vestavind møter Habbestad og bass Asbjørn Natås i Sveio kyrkje før siste øving til konserten med Maria Solheim. Det har vore ein del av konseptet til Ad Libitum i mange år å samarbeidar med kjente artistar og musikarar.
Har samarbeidd med mange artistar
Lista er lang, og Habbestad meiner det er umogeleg å velja ein konsert som den mest spesielle. Me nemner difor nokre artistar koret har samarbeidd med: Ole Paus, Kari og Ola Bremnes, Hanne Krogh, Sigvart Dagsland, Bjørn Eidsvåg, Sondre Bratland, Rita Eriksen, Iver Kleive og Knut Reiersrud. Lista med alt Ad Libitum har fått til finn du annan stad i saka.
Å samarbeida med artistar er ein sjanse å ta økonomisk, men sveibuane og andre møter opp, og så langt har det gått bra.
– Eg er sikkert litt inhabil, men eg har eit inntrykk av at sveibuane er litt imponerte og begeistra for å ha eit amatørkor som gir gode konsertopplevingar saman med profesjonelle musikarar, seier Natås.
Det har han truleg rett i, for konsertane til Ad Libitum trekker godt med publikum. Også konsertane utan kjende artistar. Mogelegvis heng det saman med at ingen konsertar er like.
Stadig nye prosjekt
– Me har det som arbeidsform å stadig jobba med nye prosjekt. Når me er ferdig med eitt, går me vidare med eitt nytt. Me er ganske varierte i kva musikk me syng. PopKORn med poplåter frå ulike årtier, musikalar, folketoner, salmar og ein heil del anna. Det me gjort minst av er klassisk seier Habbestad.
Koret er så heldig at dei i mange år har hatt med seg Sigmund Pedersen, sveibu som for tida held seg mykje i Bergen. Han har vore sentral både som note- og arrangementskrivar, reservedirigent og pianist.
– Det er ganske fantastisk. Me seier kva me har lyst til å synga, og Sigmund ordar noter og skriv korarrangement for kva som helst, fortel Natås.
Frå omsorgssenteret til St. Petersburg
Aktivitetsnivået er høgt, og forutan konsertar dei arrangerer sjølv, er koret med på julekonserten i Sveio kyrkje, opptrer på Sveio omsorgsenter og bidrar på bedehus, julemesser og liknande gjennom året. Men det er konsertprosjekta som er det viktigaste, og dei tar Ad Libitum også med langt utanfor Sveio sine grenser. Både på Haugalandet og ut i verda.
– Me har det veldig sosialt i koret, og anna kvart år reiser me på tur. Då øver me inn eit program og held konsertar der me reiser. Me har vore ein del i Noreg, men også mykje i Europa. Mellom anna Nederland, Island, Færøyane, Skotland, Irland og Ungarn, fortel Habbestad.
– Det har vore store opplevingar å få synga i kyrkjer og katedralar med fantastisk akustikk som i Praha og St. Petersburg, seier Natås.
Fellesøving med barnekoret
Medan me sit og pratar, gjer Sveio barnekor og dirigent Tiril Birkelid seg klare til fellesøving med Ad Libitum og Maria Solheim.
– Me har samarbeidd med Sveio barnekor i alle år. Til glede for dei, og til glede for oss. Barnekoret har også fostra talent som har gått vidare med song- og musikkarriere etter at dei vart vaksne, fortel Habbestad.
Solheim og Ad Libitum sin faste pianist, Andre Eide, er også på plass. Eide blir sendt av sjefen ned til soknehuset for å sjå om dei vaksne koristane ventar der. Medan dei finn vegen til kyrkja, er vår tilmålte tid snart over. Og for dei vaksne ventar ei økt på tre timar. Slik er det rett før konsertar. Ganske intenst.
– Me øver torsdagar på soknehuset, og vanleg øvingstid er to timar med ein god pause. Då er det kaffi, god mat og god drøs, seier Natås.
Vil gjerne ha fleire medlemmer
Snittalderen er godt over 50, og ein heil del i koret har vore med i mange år. Med ein og anna pause innimellom. Det siste året har det kome til fleire nye, yngre songarar, og medlemmene er no frå 25 til vel 70 år.
– Me treng ikkje fleire medlemmer, men vil gjerne ha fleire. Får eg tips om nokon som er interessert ,er eg snar til å ta kontakt. Alle som har lyst til å prøva seg er velkomne, seier Habbestad.
– Har de opptaksprøve?
– Ikkje opptaksprøve, men me ventar at du har eit visst gehør og treff tonane rimeleg bra. Men du treng ikkje synga så godt at du kan vera solist. I eit kor har me bruk for alle stemmer, avsluttar Habbestad.
Neste år ventar ei heilt spesiell oppgåve for koret. 2. juni skal Ad Libitum saman med Bremnes Kantori delta på avslutningskonserten i Moster Amfi for det nasjonale 1000-årsjubileet som markerer at det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster.