nyhende
Fleire titals tekne i politikontroll
Utrykkingspolitiet stod fredag ettermiddag i nesten seks timar langs vegen i Førde.
Politibetjent Idar Helland frå Utrykkingspolitiet og kollegaene var i dag på plass i Førde. Dei hadde kome i frå Stord kor dei har base for å halda ein politikontroll langs E39. For dei som er merksame på språkbruk forklarar Helland at det har kome ny føring rundt namn på kontrollane deira.
– No heiter alt politikontroll, det er ingenting som heiter korkje rus, fart eller trafikkontroll lengre, seier han.
Dei stod i 60sona i Førde i nesten seks timar frå klokka 14.15 til 20.00. Resultatet frå politikontrollen var følgjande:
45 reaksjonar totalt. Av desse var 44 forenkla førelegg grunna fart, og eit beslag av førarkort. Beslaget vart gjort grunna føraren hadde for mange prikkar frå før og køyrde i 74 i 60sona.
– Høgaste fart var 81 kilometer i timen i 60sona, seier Helland.
Utrykkingspolitiet var nøgd med at ingen av dei som vart kontrollert var påverka av rus.
– Alle var edru og det er veldig bra. Det brukar å vera nokon, særleg på ein fredags kveld, avsluttar Helland.