Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Restaurerer sjeldan stolkjerre frå 1800-talet
Hans Einar Grimstvedt er i ferd med å restaurera stolkjerra som Eteka nå lagar nye rygg- og seteputer til.
– Eg starta i oktober og har alt brukt mange timar på arbeidet. Og mange timars arbeid
ventar. Eg blir ikkje ferdig før utpå våren neste år, fortel Grimstvedt til Vestavind.
Han har ikkje hest sjølv som kan spennast føre vogna når restaureringsjobben ein gong er gjort.
– Men ein kompis av son min har hest. Han har lova å koma og prøvekjøra vogna når eg
er ferdig, fortel den hendige pensjonisten.
Sjeldan i Sveio
Stolkjerra har høyrt heime på slektsgarden på Grimstvedt for 150-200 år sidan. Hans Grimstvedt veit ikkje kor ho er laga, men har kjennskap til at slike vogner ofte kom frå Voss. Stolkjerrer av dette slaget var ikkje vanlege på gardsbruk i Sveio på den tida. Ikkje trur han forfedrane hans på den tida var særskilt velståande heller. Men han har høyrt at vogna ofte blei leigd ut, blant anna til brudepar som skulle gifta seg, og ved andre festlege eller høgtidlege høve.
Sjølv kan ikkje Grimstvedt hugsa at vogna nokon gong var i bruk. Den første traktoren kom til gards i 1956, og då forsvann samstundes hesten. Men vogna blei ståande på låven; den einaste av dei gamle hestereiskapane.
Grimstvedt overtok garden i 1985. Då han reiv låven for å byggja ny driftsbygning, valde han framleis å ta vare på den gamle vogna. Heilt til nå. Garden er overført til neste generasjon. Sjølv er han pensjonist med berre litt deltidsarbeid på si.
– Nå tenkte eg tida var inne til å bevara stolkjerra for framtida, seier han.
Tidkrevjande dreiing
Det kjem godt med at Grimstvedt var flink med trearbeid frå før. Alt treverk utanom hjula må bytast ut, medan stålunderstellet inkludert aksling og hjullager er intakt. Stålet må berre reingjerast for rust. Det var nett dette han heldt på med på då Vestavind kom på besøk i garasjen hans.
Han har allereie laga nye skjæker og nye passasjer- og kuskesete og treramme som skal skruast fast på understellet. Trearbeidet inkluderer dreiing av nye spiler som er ein del av ryggstøet i passasjersetet. Det åleine har tatt mange timar, fortel Grimstvedt.
Med utgangspunkt i det gamle, mottete treverket har han fått blanda maling så tett opp til originalen som mogleg, og gitt dei ferdige delane fleire strøk. Når målararbeidet er ferdig, skal ny rygg med skinnpute monterast på passasjersetet. Dette setet skal også få ny sitjepute av skinn. Slik luksus var ikkje tilgjengeleg for kusken før i tida, og blir det heller ikkje nå.