nyhende
Nye E39: Formannskapet ynskjer meir tunnel
Måndag kveld gjekk formannskapet inn for to nye tilrådingar om ny E39: meir tunnel i Førde og Valevåg. Om to veker skal kommunestyret røysta over saka.
Eit ope brev frå Førde Bygdalag var truleg i tankane til fleire i formannskapet måndag kveld. Tidlegare motstand ytra på folkemøte om nye E39, som vart halde på samfunnshuset i Førde, har vist at fleire både midt og nord i kommunen vegrar seg for den nye europavegen.
Meir ynskje om tunnel
Førde Bygdalag fryktar at dei to førebels alternativa vil rasera bygda deira. Dei ynskjer mest mogeleg tunnel og at vegen går utanom bygda. Fleire i Valevåg ynskjer alternativet med tunnel, for elles vil det gå gjennom nabolaget til sambygdingar.
Måndag kveld vart formannskapet samla mellom anna for å ta stilling til tilrådinga frå hovudtuvalet for teknisk/næring (HTN). Rune Teikari (Frp) og Linn Therese Erve (Ap) fremma kvar sine forslag til endringar.
Teikari:
- Vegen må leggast godt utanom Førde sentrum. Traseen bør så langt som råd leggast i tunnel.
- Traseen Hope–Bømlafjorden må som traseen i Førde leggast mest mogleg i tunnel.
Erve:
- Omsynet til dei som bur og lever langs vegen skal vega tyngre enn omsynet til å redusera byggekostnadar.
Vil ha Hope-strekninga vekk frå planane
Begge forslaga vart samrøysta inn, og den opphavelege tilrådinga frå HTN om eit kryss i Førde forsvinn. Statens vegvesen har tidlegare forklart at tunnel tilnærma alltid er dyraste alternativet, og at dei kan kome med innvending om Sveio kommune vedtek noko om E39 Vegvesenet ikkje trur er forsvarleg eller realistisk.
Formannskapet vedtok også at strekninga frå Hope til Bømlafjordtunnellen bør takast ut av planprogrammet, og flyttast til prosjektet om ny Bømlafjordtunell. Hensikta er å unngå usikkerheit for dei som bur i området som mogeleg vert råka.
Tilrådingane
Den 11. desember skal årets siste kommunestyremøte haldast, og dei skal røysta over følgjande tilråding:
- Med utgangspunkt i rådmannen sitt saksførelegg bør ny E39 gjennom Sveio kommune kunne nyttast på ein måte som kan fremma vekst og utvikling i kommunen. Den må med andre ord ikkje berre bli ei transportåre gjennom Sveio.
- Traseen må leggast slik at den så langt som råd er tar omsyn til eksisterande næringsliv.
- Kryss må plasserast slik at det blir god tilknyting og nærleik til næringsområde, og elles passa best mogleg for innbyggarar i kommunen.
- Vegen må leggast godt utanom Førde sentrum. Trasen bør så langt som råd leggast i tunnel.
- Traseen må i størst mogleg grad leggast slik at den ikkje rører ved bustadhus/bustadområde.
- Ny E39 må planleggast som 4-felts veg. Rådmannen sitt pkt. 4.4. i saksframlegget kan derfor gå ut.
- Traseen frå Hope til Bømlafjorden bør bli tatt ut av forslag til planprogrammet og gå inn i prosjektet som omhandlar kryssing av Bømlafjordtunnelen, for å unngå å skapa usikkerheit for dei som har eigedommar i den planlagde strekninga og legga beslag på området.
- Omsynet til dei som bur og lever langs vegen skal vega tyngre enn omsynet til å redusera byggekostnadar.
- Traseen Hope–Bømlafjorden må som traséen i Førde leggast mest mogleg i tunnel.