nyhende

Ølen Betong saknar betre veg: – Den er ikkje ideell

Fredagsfrukost med Sveio Næringsråd vart ein diskusjon om dårlege vegar og utvikling på tross av vegen. Industrigiganten Ølen Beting får støtte av naboar: – Ei utfordring med den vegen, seier Reidun Ann Støle.

Publisert Sist oppdatert

Eit av temaa under Sveio Næringsforum sin fredagsfrukost hjå Birkeland AS var vegar. Fylkesveg 47, Fylkesveg 541, strekninga mellom Fylkesveg 47 og Ryvarden, og ikkje minst nye E39. Storselskapet Ølen Betong hadde kome på besøk for å snakka om verksemda og komande auke i både produksjon og arbeidsplassar i Sveio.

– I år har me 4,3 milliardar kroner total omsetting i konsernet me er del av. Neste år bikkar me fem, seier Lars Norekvål i Ølen Betong.

Ikkje ideell

All transport av betongelement til Rogfast kjem til å skje med lastebil fortel han. Noko som kan vera utfordrande siste strekket mellom Fv. 47 og Ryvarden.

– Det er ikkje mogeleg å snakka i telefon på strekninga grunna dårleg dekning. Betre telefondekning burde ha vore på plass.

Norekvål førespeglar stor aktivitet dei neste åra, og på spørsmål frå Bente Marie Johansen frå Sveio kommune om auke i arbeidsplassar, svarar han kontant:

– Me er 25 no og kjem til å tilsetja til me er mellom 45 og 50, seier Norekvål.

– Kva seier sjåførane dykkar om korleis det er å køyreatil Ølen Betong frå Fv. 47?

– Dei handterer den. Dei køyrer jo der mykje, men den er ikkje ideell. Infrastrukturen er ikkje ideell, svarar han.

Breiare gjer det tryggare

Reidun Ann Støle held sjølv til i området og er samd i observasjonen til Norekvål.

– Me møter ofte lastebilar på vegen. Dei fleste plassane er det ikkje mogeleg utan at ein av dei køyrande må stoppa og svinga inn til sida, seier ho.

Støle viser til lokal bebuar Jan Olav Næss og hans forslag til utbetringar.

– Næss har rett i alle stadane han peika ut. Eg skulle ynskja dei kunne ha kome i gang og gjort vegen breiare, i alle fall på dei skumlaste stadane, seier ho.

Næringsområde og lokale behov

Arne Valen (Senterpartiet) tok ordet i samanheng med nye E39, og nemner uro rundt korleis så få avkøyrsler vil råka noverande næringsliv.

– Kva med næringsområde mellom Haukås og Hinderlid? Viss det skal vera næringsområde har det betydning med kryss og korridor. Det burde me kunne gje innspel til Vegvesenet om i den fasen, seier han.

Lars Tore Martinsen frå Statens vegvesen var også med på frukostmøtet, og snakka siste del av møtet med dei frå næringsforumet om vegar. Han har forståing for frustrasjon rundt dårleg vegstandard, og at nye E39 ikkje er like tilpassa lokale behov som ynskjeleg. Martinsen kom med eit forklarande eksempel frå tidlegare i karrieren sin kvifor det å spela på lag er viktig.

– Eg jobba i Østfold, kor kommunane Askim og Spydeberg skulle få ny veg gjennom seg. Askim var ikkje 100 prosent nøgd men samarbeida godt. Dei fekk tre avkøyrsler i kommunen. Spydeberg sette foten ned og enda opp med ingen, noko som gjekk utover næringsaktiviteten deira, forklarar han.

Kommunen må vera motor

No har det offentlege mykje midlar til å planlegga, og punktutbetring er noko som ikkje krev veldig mykje politisk arbeid samanlikna med ny veg. Difor håpar Martinsen at Sveio grip sjansen.

– Det er kommunen som gjev fylket mandat til å gjera noko. Det er kommunane som må vera motor, seier Martinsen.

Leiar i Birkeland AS, Kai Peder Birkeland, tek opp Fv. 47 til Haugesund. Tidlegare på frukostmøtet hadde selskapet presentasjon av køyretøyparken deira. For dei aller flest av desse er vegen langt frå kjekk å køyra på.

– Det er korte små svingar som gjer det vanskeleg for vogntog, seier han.

Powered by Labrador CMS