nyhende
Sveibuane gav meir enn på lenge
Når alt er talt opp, enda Sveio sitt bidrag til årets TV-aksjon på 350.873 kroner. Om det er høgaste sum nokon sinne, kan me ikkje seia, men det er klart mest dei siste fem åra. – Ein blir glad av slike tal, seier Guro Røher Eriksen.
TV-aksjonen var 22. oktober, men det har vore mogeleg å gje heilt fram til desember. No er alle pengane kome inn og talt opp. Resultatet ble over 311 millioner kroner, skriv Redd Barna i ei pressemelding.
Pengane går til Redd Barna sitt arbeid for barn ramma av krig og konflikt i Gaza, Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg.
Førde skule toppar givarlista
Sveio sine nesten 351.000 kroner er fordelt på 134.198 kroner frå bøsser, 72.969 frå næringsliv og organisasjonar, 25.017 frå skular og barnehagar, 50.201 frå private givarar, 11.331 frå kommunen og 56.901 frå kategorien anna.
Førde skule toppar lista over givarar i Sveio med 25.000 kroner.
Resultatet gir ein 165. plass av totalt 356 kommunar, pluss Svalbard. Det er eit langt steg opp frå 202. plass i fjor. I Vestland blei det ein 32. plass av 43 kommunar. Bidrag per innbyggar er 61,21 kroner, og det er 4,39 kroner over landsgjennomsnittet.
Resultat dei siste fem åra
- 2023: 350.873
- 2022: 309.989
- 2021: 318.967
- 2020: 232.957
- 2019: 303.850
– Kjempepositivt
Dagleg leiar i Frivilligsentralen, Guro Røher Eriksen, var innsamlingsansvarleg for TV-aksjonen i Sveio. Når Vestavind ringer om dei endelege tala, er ho i full gong med ein anna aksjon: Julegåveaksjonen.
– Det er kjempepositivt at sveibuane har gitt så mykje. Ein blir glad av slike tal. Det gode resultatet for TV-aksjonen heng nok også saman med at dette er eit tema som treff mange, seier Røher Eriksen.
Kvart sjette barn lever i eit konfliktområde, og aldri før har så mange vore på flukt. Med pengane fra årets TV-aksjon vil Redd Barna gi meir enn 100.000 barn ramma av krig og konflikt moglegheit til å leka, læra og leva i fred.
– Den store summen til vårt arbeid er eit resultat av ein utroleg innsats av bøssebærarar, frivillige og givarar i heile landet. Eg er så takknemleg for og rørt over engasjementet for årets TV-aksjon og Redd Barna, sier Birgitte Lange, generalsekretær i Redd Barna.