nyhende
Fylkesveg 541: – Fatt vedtak på måndag!
Per Ove Økland i Sveio Næringsforum med klar beskjed til kommunestyret om ny veg mellom Krossleite og Grimstveit: Det er viktig å landa ny fylkesveg fort, både grunna aktivitet for Bømlo og mogeleg ny næringsaktivitet på Bua.
På møterommet til Birkeland AS var det fredag morgon fellesfrukost med Sveio Næringsforum, kor framtida til økonomisk aktivitet i Sveio kommune var øvst på agendaen.
Ein som tok ordet fleire gonger om næringsmogelegheiter i Sveio var styremedlem i næringsforumet, Per Ove Økland.
Håpar på vedtak
Mot slutten av frukostmøtet var Lars Tore Martinsen frå Statens vegvesen til stades for å snakka om vegane i Sveio. Han snakka mellom anna om Krossleite – Grimstveit og arbeidet rundt prosjektet. Då kom Økland med klar tale og ei forventning til måndag den 11. desember sitt kommunestyremøte.
– Det er viktig å landa ny fylkesveg fort, med tanke på komande aktivitet frå Bømlo, og samstundes opna for ny næringsaktivitet på Bua, sa Økland og la til:
– Eg oppmodar dei om å fatta vedtak på måndag, sa han.
Etter formannskapet stadfesta ein detaljeregulering av vegen frå eit tidlegare vedtak frå eit kommunestyre i 2022 har det kome reaksjonar, særleg frå ein gruppe grunneigarar som vert råka. Måndag den 11. desember skal kommunestyret ta ei avgjersle om saka, på det som vert årets siste kommunestyremøte.
Tida renn ut for Sveio nord
Martinsen frå Vegvesenet nemnde også, i samanheng med ynskjet om punktutbetring på enkelte vegar, at Sveio nord er noko kommunen bør koma i gang med.
– Planen for å utbetra avkøyrsla vart vedteke for seks år sidan. Viss det ikkje vert gjort noko med det innan dei neste fire åra, må det handsamast på nytt, sa han.
Møtet vara til avtalt tid, men næringsforumet rakk ikkje å presentera kva dei sjølv hadde førebudd. Økland summerte raskt kva dei til stades gjekk glipp av, og leiar Marco Thomas viste til at dette kan sjåast på nettsida deira.
– I samanheng med E39 ynskjer me ei omsynsfull tilnærming til traseane. Og kommunen må samordna annan infrastruktur i nærleiken, til dømes vatn, kraft og breiband, sa Økland.
Då trakk Martinsen på smilebandet og gjekk av scenen med ein spøk.
– Du skulle ha vore vegplanleggar du, sa han til latter frå Økland og dei andre.