nyhende
Eitt år sidan butikken forsvann
Første veka i januar er det eitt år sidan nærbutikken i Auklandshamn stengde. Sidan då har det vore jobba med å opna ny, men så langt utan hell.
Dørene stengde for godt i byrjinga av januar 2023. Åse Marie Økland hadde tidlegare i året førre gått ut med nyheita om at ho måtte gje seg grunna helsa.
Sidan då har det vore fleire forsøk på å finna ein erstattar, både med å halda folkemøte og kontakta mogelege interesserte.
Mai 2023 melde Kristian Wathne, leiar i Forretningsbygg Stølen SA at dei hadde funne ein erstattar, Martin C. Kviteberg frå kjeda AlltiMat. Dessverre vart det ikkje noko av likevel.
– Men det jobbast framleis med å finna ny, seier Wathne om nærbutikken.
Feil timing
Han fortel at han ikkje har noko nytt å melda i saka om ny butikk og viser til Kviteberg for meir informasjon.
– Me vurderte eit prosjekt i Auklandshamn kor me prøvde å opna butikk, men dessverre vart det sett på vent, seier Kviteberg.
– Kva var det som gjekk galt?
– Eigentleg berre at timinga var feil. Me håpar å få det til, men me hadde ikkje ressursar til å gå vidare på det tidspunktet, svarar han.
Har ikkje heilt gjeve opp
Kviteberg greier ut med kva han legg i ressursmangel.
– Alt ligg eigentleg til rette for å driva butikk, men me må både ha nokon lokalt til å driva butikken og nokon som kan stilla med investeringsmidlar, seier han.
AlltiMat har ikkje heilt gjeve opp Auklandshamn og trur det framleis kan vera ei mogelegheit for dei eller nokon andre.
– Me håpar dei kan få til butikk der, enten med vårt konsept eller eit anna, avsluttar han.