nyhende

Planlegg solcellepark på 170 mål i Sveio

Selskapet Endra skal byggja solcellepark på Nese i Sveio. Tomta får dei leiga av ein lokal bonde som skal la sauane beita side om side med panela. – På 170 mål kan me produsera nok til 500 einbustadar, seier dagleg leiar Kristian Gautesen.

Publisert Sist oppdatert

Det er mykje som ikkje er på plass enno med selskapet Endra. Som del av den fornybare satsinga til Haugaland Kraft har dei korkje eige bygg eller parkering. Men, i dei midlertidige brakkene ved sida av moderselskapet har dei i alle fall planane klare.

– Me skal søkja konsesjon til solcellepark i Sveio innan kort tid, seier Jana-Elena Koser.

Fleire prosjekt på gang

Ho er faktisk sjølv sveibu og held til heilt sør i kommunen, eit stykke unna kor prosjektet hennar kjem.

– Det vert på Nese og storleiken er om lag 170 mål, seier ho.

Under ein presentasjon for Vestavind fortel dagleg leiar Kristian Gautesen om kva som skal koma. På dei 170 måla vil dei kunna produsera nok straum til 560 gjennomsnittlege einebustadar kvart år. Dette vert deira andre prosjekt totalt, og dei har fleire jern i elden.

– Me vil ikkje seia noko om dei før me er komen lengre, seier han.

– Har de fleire prosjekt eller område av interesse i Sveio?

– Me ser på andre mogelegheiter i kommunen, svarar han.

Merknad: I første versjon av saka sto det at solcelleparken var planlagt på 17 mål. Dette blei retta 04.01.23 kl.09.18.

Lytta til naboar og aldri matjord

Så langt har dei berre komen i gang ein stad, i Vindafjord. Men det er ikkje så rart når ein tenkjer over kor kort tid det er sidan dei vart oppretta.

– Me byrja som selskap sommaren 2022, så me er framleis veldig nye, seier forretningsutviklar Magne Aartun.

Han er ein av dei som handsamar papirarbeid og jobbar opp mot dei lokale og kommunen. Sjølv har han byråkratisk bakgrunn, og meiner det er til stor hjelp for alle involverte.

– Eg veit kven eg skal snakka med og korleis gjera det lettast mogeleg for kommunen å få vita det dei ynskjer og treng, seier han.

Dei er veldig spente og positive til eiga verksemd, men gjer det klart at dei forstår kvifor det kan verta motstand mot energiprosjekt. Dei har som mål at Endra skal vera proaktiv overfor lokalbefolkninga og eit selskap som vert ynskt velkomen.

– Me har nokre grunnreglar. Til dømes aldri bygga på matjord, men heller finna landbruksområde som nyttast til beite. Det er ofte opne, store stadar kor me kan få plass til både solceller og dyr, seier Koser.

Frittgåande sau og solceller

– Får dyra gå fritt i solcelleparken?

– Ja, men berre sau. Ikkje større dyr som storfe, eller klatrarar som geit. Men sau og sol går faktisk veldig bra hand i hand, seier Aartun og forklarar:

– Beitande sau har krav på skjul, områder kor dei kan få skugge og ly frå vind og vêr. Det får dei under panela våre, samstundes som det ikkje er ynskjeleg at graset skal gro for nært panela, seier han.

Det betyr at om nokre år kan ein mogelegvis finna pinnekjøt frå solcelleparkar i butikkar. Korleis ein miljøengasjert vegetarianar, eller ein klimaskeptisk kjøtetar, vil stilla seg til fornybart pinnekjøt er ukjent. Det er fordi problemstillinga er ny, og det skuldast at teknologien har utvikla seg veldig mykje dei siste 15 åra. No er solcellepark mogeleg i Noreg.

– Det var det ikkje då eg utdanna meg. Då lo professoren min av ideen, seier Jana-Elena.

Det er fleire grunnar til at Noreg, med noverande teknologi, er eit bra land for solenergi. Det regnar mykje som reingjer panela. Det vert sjeldan for varmt, noko som reduserer energiproduksjon.

Ikkje permanente inngrep

Når snøen kjem er det mindre sol og produksjonen går utan tvil ned, men samstundes har solcellepanela eit triks i ermet.

– Panela er dobbeltsidige. Så når snø ligg på bakken reflekterer det veldig godt lyset, og det vil generera kraft frå undersida av panelet, seier Koser.

At dei kan kombinera energiproduksjon med at bonden kan la dyra beita trur dei er ein stor fordel. Då treng ikkje bonden å velja mellom å leiga ut jord eller eigen drift.

– Det er «vinv-vinn», eller «sol-sol», humrar Aartun med eit ordspel om vind og solkraft.

Koser understrekar at inngrepa i naturen er små og kan gjerast om på.

– Konsensjonen er for 30 år om gongen og kan fornyast viss ynskjeleg frå begge partar. Under monteringa krevst det berre nokre stolpar til kvar rad med panel. Dei kan enten borast i berggrunn eller festast med jordskrue. Etter 30 år kan det demonterast fullstendig og attførast utan permanent endring, seier ho.

Stor investering

I desember hadde dei møte med grunneigar og alle naboane som kan verta direkte eller indirekte påverka.

– Viktig for oss er at dei i nærleiken skal finna det ut i god tid, og få vita om det frå oss og ikkje når dei opnar avisa eller postkassa si, seier Gautesen.

– Kva sa folk?

– Dei hadde mest spørsmål sidan dei ikkje vert råka sjølve. Dei lurte også på korleis sauer og solcellepanel kan gå saman, svarar Aartun.

Solcellepark er ein passiv energiproduksjon, så med tanke på arbeidsplassar kjem det ikkje mykje konkret til Sveio.

– Men me er på utkikk etter andre stadar, og me byggjer opp kompetanse på Haugalandet. Det kan koma Sveio til gode. Og så er det jo montering og seinare vedlikehald, som truleg vil involvera lokale. Alt dette genererer aktivitet i kommunen, seier Gautesen.

Endra-sjefen har berre eit estimat på investeringa sidan panela må ut på anbod og ikkje veit kva endeleg pris for prosjektet vert. Men det vert ein del.

– Investeringa vil liggja i ein storleik mellom 80 til 120 millionar kroner. Det avheng litt av kva som vert endeleg storleik på solparken, seier han.

Powered by Labrador CMS