nyhende
Bygdefolk vil prøva å finna grunnlag for vidare drift:
Legg ned Bua-barnehagen til sommaren
Før helga blei tilsette og foreldre informerte om at Bua kultur- og friluftsbarnehage AS blir lagt ned til sommaren. Lokale krefter vil snu alle steinar i eit forsøk på å sikra vidare barnehagedrift i bygda.
Færre born og usikre rammevilkår er årsaker til at styrar og eineaksjonær i Bua kultur- og friluftsbarnehage AS ikkje finn grunnlag for vidare drift etter 31. juli.
Den siste månaden går med til ferieavvikling, og for borna blir 28. juni siste dagen. Dei sju tilsette blei informert om dette på den første arbeidsdagen etter nyttår. To dagar seinare fekk foreldra vita det same på eit foreldremøte.
Bua kultur- og friluftsbarnehage har dette året 23 born. Etter ferien ville talet truleg gått ned til 20. Det er for lite til å sikra god drift og kvalitet på tilbodet, seier Huse og forklarar kvifor.
Verre for små private
– Sentrale styresmakter sine rammevilkår for private barnehagar har blitt stramma inn, og nye lovforslag som ligg føre vil gjera det endå vanskelegare å driva i framtida. Tilskotet me får, er for eksempel basert på dei utgiftene kommunen hadde til si barnehagedrift for to år sidan. Men den lønsauken og generelle inflasjonen som har vore dei siste åra, kjem me svært bakpå.
Ei lovendring som regjeringa har foreslått, vil gi kommunane større råderett over tilskotsmidlane til barnehagar. Dei private barnehagane fryktar dette vil føra til at kommunane prioriterer sine eigne eigne og at dei dermed vil bidra til nedlegging av private tilbod gjennom fordeling av tilskott, forklarar Huse vidare.
– Til sommaren skal dessutan foreldrebetalinga ned. Om dette ikkje blir kompensert, vil det bety eit stort inntektstap for dei private. For oss ville det utgjort 20.000 kroner i månaden, seier Huse.
Kommunen informert
Det er med tungt hjarta ho har kome fram til beslutninga om å leggja. Ho har vore i kontakt med fleire lokalpolitikarar om saka, mellom andre ordførar André Mundal Haukås (H).
– Men det er lite kommunen kan gjera. Og me har ikkje tid eller råd til å venta på eit eventuelt regjeringsskifte og endra rammevilkår.
Nedlegginga av barnehagen på Bua skjer berre eitt år etter at barnehagen på Bråtveit også måtte kasta inn handkleet. Også den gongen blei det vist til forverra rammevilkår.
Lokal mobilisering
Silje Huse etablerte selskapet Bua kultur- og friluftsbarnehage AS i 2017. Før den tid dreiv Bua ungdomslag barnehage i det tidlegare skulehuset i nærare 40 år.
– Dette kom brått på. Det vil vera svært trist om barnehagen blir lagt ned. Eg håper verkeleg han kan bli berga, seier Nils Haktor Bua.
Han har sjølv eit barn i barnehagen, og er dessutan styreleiar i Bua ungdomslag. Bua stadfestar at styret allereie har hatt eit møte for å drøfta om laget på ein eller annan måte kan medverka til vidare barnehagedrift.
– Det er enno for tidleg å seia kva løysingar som kan vera aktuelle. Og me er fullt klar over at me vil møta dei same rammevilkåra som noverande barnehageeigar. Me vil nok vera avhengig av positiv medverknad frå kommunen si side, seier Bua.
Håp om nye jobbar
Han er klar over at dei har lita tid om dei skal ha håp om å sikra vidare drift med dei som nå jobbar i barnehagen. Dette blir stadfesta av Aud Hanne Lien Jensen, som er tillitsvald for pedagogane i barnehagen.
– Det er kjempetrist at må leggja ned at det gode me står for her, men me ser jo kva veg det går. I alle fall for oss pedagogar ser det heldigvis ut til at det er ledige stillingar å søkja på, også lokalt.
– Har du tru på at det kan lykkast å få nye eigarar til å overta drifta på Bua?
– Eg er redd for at det i så fall berre blir ei mellombels løysing. Det ser ut til at det blir vanskeleg å driva i framtida for små, private barnehagar, seier Lien Jensen.
Politisk medverknad?
Ein av dei som likevel håpar at Bua-barnehagen framleis kan ha ei framtid, er politikarveteranen Mikal Møller Hovda (H). Om det endar med at han kjem til å ta eit politisk initiativ, veit han ikkje så langt.
– Eg har snakka med barnehagestyraren og fått vita litt om situasjonen. Og så vil eg sjå nærare på den saka som var oppe i fjor etter at Bråtveit barnehage varsla om nedlegging, seier Hovda.