nyhende

Omfattande forslag til oppgradering:

Ryvarden kan få 40 nye overnattingsplassar

Mogelegheitsstudien som Vinkel Arkitekter AS har utført for Sveio kommune, viser at overnattingskapasiteten på Ryvarden kulturfyr kan aukast frå åtte-ti plassar i dag til nærare 50.

Publisert Sist oppdatert

Rapporten frå studiearbeidet blei overlevert til kommunen fredag, nokre veker på overtid. Rapporten peikar også på ei rekke andre tiltak som kan gjennomførast for å gjera kulturfyret endå meir attraktivt for publikum.

– Eg er godt nøgd med resultatet. Rapporten inneheld mykje spennande. Noko som kan realiserast med relativt enkle midlar, og noko som vil vera meir krevjande, seier leiar for samfunnsutvikling i Sveio kommune, Bente Marie Johansen.

Kafeen ned på bakkenivå

Ho peikar på auka overnattingskapasitet og ulike buformer som eitt av dei mest interessante tiltaka arkitektfirmaet har foreslått. Eit anna sentralt forslag er å flytta kafeen og galleriet ned i første etasje i fyrvaktarbustaden, og knyta kafeen saman med oppgradert uteområde på tunet og tilbygg mot sør med tak og vegger av glas som kan opnast på godversdagar.

Dette tilbygget, eller orangeriet, vil auka kafeen sin kapasitet med 30 plassar. Totalt blir kafeen sin kapasitet auka frå 45 til 80 plassar. Hovudutval for oppvekst og kultur får saka til orientering komande måndag utan noko forslag til vedtak frå administrasjonen si side. Saka går vidare til formannskapet og så til kommunestyret, som ba om studien og løyvde pengar til prosjektet.

Fleire overnattingsplassar

For å auka overnattingskapasiteten foreslår arkitektfirmaet at det blir lagt til rette for utleigeeiningar i kvar at dei tre etasjane i fyrmeisterbustaden frå 1957. Dette vil auka talet på sengeplassar frå åtte-ti til til mellom 10 og 16.

Ved å flytta kafeen og galleriet i fyrvaktarbustaden frå 1935 ned i sokkeletasjen, viser studien at det kan bli plass til tre bueiningar i hovudetasjen og ein suite på på loftet. Til saman vil dette gi mellom åtte og 16 sengeplassar. Fleire av romma kan elles brukast til fleire føremål. Fleirbruk er også eit stikkord for fleire av forslaga i rapporten.

Det gjeld for eksempel atelieret på nordsida av den opne plassen kalla tunet, mellom bygningane. Atelieret foreslår arkitektane å å oppgradera og gjera om til to utleigeeiningar som kan kombinerast med bruk som i dag. Det bør også vera mogleg å kopla dei to einingane saman. Her kan det bli mellom fire og åtte overnattingsplassar.

– Det vil vera forholdsvis omfattande å etablera utleigeiningar i atelieret, der det må etablerast anlegg for vatn og avløp og oppgradera bygget frå uthus til bustandard, skriv arkitektane i ein kommentar til sitt eige forslag.

Arkitektane foreslår også å ominnreia den vesle låven til utleigeeining med mellom fire og seks sengeplassar.

Fyret og betongplata

Sjølve fyrbygningen tilhøyrer Kystverket, men Vinkel Arkitekter AS fekk også i oppdrag å sjå på denne bygningen. Nederste etasje i fyrbygget er lite i bruk. I rapporten blir det difor foreslått å byggja ei ny bru frå betongplata innanfor og rett til andre etasje i bygget. Dermed kan første etasje frigjerast og omgjerast til utleigeeining med med to sengeplassar. Truleg kan etasjen utvidast med ei utleigeeining med terrasse i sør. Det må gjerast avtale med Kystverket om alle tiltak i fyrbygget.

I rapporten blir det dessutan foreslått å fjerna masse frå fronten av betongplata mot nord og byggja inn åtte-ti overnattingsplassar i enkle rom. Dette vil vera rom med enkel sengebrisk eller krokar for opphenging av hengekøye og appellera mest til dei som er ute etter eit billig overnattingstilbod.

Uteområdet

Tunet mellom atelieret og fyrvaktarbustaden foreslår arkitektane å omgjera til eit hageområde med planter, bord og benker, og gjera det til eit uteområde for kafeen. Ute på betongplata foreslår dei å setja opp det dei kallar ein glasboks som skal gi ly for vind og vêr. Både i og utanfor denne boksen foreslår dei fleire faste sitjeplassar. I tillegg blir det foreslått å etablera faste sitjeplassar langs husveggene over heile fyrområdet.

I rapporten blir det understreka at Vinkel Arkitekter AS har sett på området og bygningane utan å vurdera teknisk tilstand, og utan å vurdera kostnadene med dei tiltaka som blir foreslått. Generelt blir det påpeikt at alle bygningane har behov for oppgradering.

– Det er berre utført nødvendig vedlikehald, er ei setning som går igjen.

– Spennande oppdrag

– Mogelegheitstudier gjennomfører me ein del av, og det er ikkje uvanleg at kommunane set ein fast pris på slike oppdrag slik Sveio også gjorde, seier Oddny Baustad ved Vinkel Arkitekter AS i Aksdal.

Ho legg til at oppdraget har vore interessant, mellom anna fordi det handlar om eit flott område som blir besøkt av mange.

– Og det er slett ikkje alle tiltaka me har foreslått som er like kostbare, seier Baustad.

Vinkel Arkitekter AS skal vera med å presentera rapporten for styret i Ryvarden Kulturfyr KF. Baustad veit ikke om selskapet deira får vera med på den vidare oppfølginga.

Må studera

Varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen (Frp), som også er dagleg leiar i Ryvarden kulturfyr KF, seier ho berre har fått tid til å bla fort gjennom rapporten så langt.

–  Eg synest jo alt er spennande, men må studera nærare på dei ulike forslaga, seier Eriksen.

Då me snakka med Eriksen var det ikkje fastsett dato for presentasjon av rapporten for kulturfyr-selskapet.

Powered by Labrador CMS