yrke og utdanning

Jone Birkeland er litt interessert i anleggsteknikk, men det blir ikkje førstevalet hans.
Jone Birkeland er litt interessert i anleggsteknikk, men det blir ikkje førstevalet hans.

– Interessant alternativ

Jone Birkeland (16) går på vg1 byggfag på Haugaland videregående skole i Haugesund dette skuleåret.

Publisert Sist oppdatert

Han er kjent med det nye tilbodet i vg2 anleggsteknikk som skulen startar opp til hausten. Og veit at også han kan søkja seg inn på denne lina.

– Det er absolutt interessant, og særleg når det no blir mogleg å få denne utdanninga lokalt, seier han.

For Jone er likevel to andre vel så aktuelle å setja på topp til neste år. Valet står då mellom tømrar/snekker eller røyrfag. Jone trur også nokon i klassen vil vurdera anleggsteknikk på topp. Klassen skal arbeida grundig med dei ulike alternativa i samband med den opne dagen 3. februar.

Powered by Labrador CMS