yrke og utdanning

– Vil letta rekrutteringa

– Det er heilt fantastisk å få eit slikt tilbod her lokalt. Det vil letta rekrutteringa av nye maskinførarar for oss, seier Kai Peder Birkeland, dagleg leiar i Birkeland AS på Ekrene.

Publisert Sist oppdatert

Han er allereie i dialog med Haugaland videregående skole om det nye utdanningstidbodet og har også overfor skulen gitt uttrykk for glede over at det nå kjem utdanning i anleggsteknikk på vg2-nivå på Haugalandet. Anleggbransjen slit i dag med å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft.

Har 11 lærlingar

Dialogen mellom Birkeland og skulen har også handla om framtidige læreplassar for vg2-elevane. Det er Birkeland open for.

– Me er allereie godkjent som opplæringsbedrift og har for tida 11 lærlingar hos oss. Dei kjem delvis frå landslinjene på Øksnevad og Os. Delvis er det også elevar som har tre eller fire års læretid hos oss og går på skule ein dag i veka, fortel virkeland.

– Lettare å koma inn

Det er positivt å få dette utdanningstilbodet lokalt. Dermed slepp ungdommane å reisa ut for å få utdanning innan anleggsteknikk. På landslinjene er det dessutan høge opptakskrav. Mange som er svært motiverte for ein jobb i anleggsbransjen, men ikkje er så skuleflinke, kjem difor ikkje inn. Her blir nok dette lettare, seier Geir Flatnes.

Han er dagleg leiar i Geir Flatnes AS, som også har lærlingar i dag. Han har fått informasjon om det nye tilbodet på Haugaland videregående skole og om det framtidige behovet for nye læreplassar.

Powered by Labrador CMS