Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Tursti mellom dagsturhyttene
Andre del av folkemøtet i Auklandshamn skule onsdag 31. januar skal handla om den planlagde turstien mellom dei to dagsturhyttene Nipaståvo og Golfståvo.
Rådgjevar kultur Marit Liknes har vore sakshandsamar for denne turstien i Sveio kommune. Ho fortel at det frå mange hald har vore arbeidd for ein lengre tursti i Sveio.
No er prosjektet ferdig planlagt. Avtalar med dei fleste grunneigarane er på plass og det er sendt søknad til Kulturdepartementet om spelemidlar.
Turstinett på 28 kilometer
Avstanden mellom Nipaståvo i Auklandshamn og Golfståvo i Sveio sentrum er rundt ei mil. I tillegg vil den nye stien mellom dei to hyttene bli kobla på eit eksisterande turnett med stiar til Tveita, Sætre, Emberland, Vestvik, Eikeland, Stølen, Lien og Tjernagel. I Auklandshamn vil stien møta den nye «turveg som skuleveg». Til saman blir dette eit nettverk av stiar på 28 kilometer
Av søknaden går det fram at turstien er kostnadsrekna til 2,87 millionar kroner. Søknaden om spelemidlar er på 1,44 millionar. Resten skal finansierast med 570.000 kroner i eigenkapital, 335.000 kroner i tilskot frå privatpersonar og private ordanisasjonar og 529.000 kroner i dugnadsinnsats.
– Lokale bygdelag og idrettslag spelar ei viktig rolle i prosjektet gjennom finansiering og dugnadsarbeid, skriv Liknes i søknaden til departementet.
Satsar på dugnad
På den nye stien mellom dagsturhyttene er det behov for rydding av vegetasjon og bygging av ei rekke klopper. Også langs ein del av dei eksisterande stiane er det behov for rydding. Alle stiane vil bli merka og skilta etter nasjonal standard.
Det nye turstinettet er ikkje universelt utforma, men dei fleste stiane går i lett terreng og vil vera tilgjengelege også for folk med lettare funksjonshemming, står det også i søknaden.
Einaste presentasjon
På folkemøtet i Auklandshamn blir dette turstiprosjektet presentert av Leif Grindheim frå konsulentfirmaet Legria saman med leiar for samfunnsutvikling i Sveio Bente Marie Johansen. Ifølge Grindheim er dette den einaste planlagde presentasjonen av stien mellom dagsturhyttene.