nyhende
Stort frammøte på bygdemøtet om barnehage på Bua:
– Alternativet er at ungdomslaget tar over
– Fantasktisk! seier Nils Haktor Bua om frammøtet på bygdemøtet om barnehage på Bua onsdag kveld. Det einaste realistiske alternativet for vidare barnehagedrift er at ungdomslaget igjen overtar, meiner han.
– Men då treng me heile bygda med oss, seier Bua vidare.
Han er klar over at ungdomslaget vil stå overfor dei same økonomiske realitetane som Bua kultur- og friluftsbarnehage AS. Difor treng dei mellom arbeida aktivt for å få fleire barn i barnehagen.
– Me må finna grunnlag for forsvarleg drift. Det kan bli underskot dei første åra, men det har ungdomslaget ryggrad til å bera.
70 frammøtte
Bygdemøtet samla rundt 70 deltakarar. Det var foreldre frå både Bua- og Auklandshamn-krinsane, besteforeldre, tilsette i barnehagen og politikarar frå ulike parti. Nils Haktor Bua er talsperson for arbeidsgruppa som har engasjert seg for vidare barnehagedrift sidan 4. januar, då meldinga kom om at noverande eigar vil leggja ned drifta til sommaren.
Bua var også den første som fekk ordet på bygdemøtet. I innlegget sitt understreka han kor viktig barnehagen er for barna, og dermed også foreldra, sin trivnad. Han minna om barnehagen si rolle som møteplass og arbeidsplass.
– Me har lite å tapa, men mykje å vinna på å sikra vidare drift av denne eksepsjonelt gode barnehagen. For dei to krinsane Bua og Auklandshamn er barnehagen ein trygg stad der born og foreldre møter naboane sine. Dette er med på å skapa levande bygder der også småbarnsfamiliar vil etablera seg, sa han.
Då Bua ungdomslag overdrog drifta av barnehagen til Silje Huse sitt selskap Bua kultur- og friluftsbarnehage AS for sju år sidan, blei det signert ein avtale der det heiter at ungdomslaget har førsteretten til å overta barnehagedrifta igjen om Bua kultur- og friluftsbarnehage AS skulle leggja ned.
Må ha med dei tilsette
– På grunn av denne formuleringa i avtalen meiner me det vil vera enklast om ungdomslaget overtar drifta igjen. Då slepp me truleg ein like omfattande godkjenningsprosess som ved oppstart av ein heilt ny barnehage, seier Bua.
Han er sjølv leiar i styret for ungdomslaget, og stadfestar at Bua ungdomslag enno ikkje har gjort formelt vedtak om å overta barnehagen.
– Det aller første me no må avklara, er om dei tilsette vil vera med oss vidare. Dette er svært viktig, seier han.
I tillegg til ungdomslag-leiaren består arbeidsgruppa av Lars Oddvin Hovda, Svein Olaf Bua, Alf Edvin Hovda og SU-representantane Espen Helvig og Berend de Wald.
Etter møtet onsdag har fleire meldt interesse for å vera med, fortel Nils Haktor Bua.
– Dersom me skal lykkast, er det også særs viktig at folk i samband med søknadsfristen til barnehageopptak 15. februar søkjer om plass i barnehagen på Bua, understrekar han.
Lågare husleige
På bygdemøtet blei dei frammøtte delt i grupper, der dei fekk i oppdrag å fylla ut to spørjeskjema. Det første handla om å setja ord på sterke og svake sider ved dagens barnehage. Det andre skjemaet innheldt spørsmål om tips til aktivitetar som kan bevara barnehagen for framtida.
Før gruppearbeidet heldt både ordførar André Mundal Haukås (H) og leiaren i hovudutval for oppvekst og kultur, Monica Vandaskog Valen (Sp) korte innlegg der dei gav full støtte til arbeidet som no pågår vor å sikra vidare drift av barnehagen på Bua. Valen kunne også fortelja at hovudutvalet vil gå inn for å redusera husleiga for ein periode for å hjelpa til i oppstartfasen.
Det var også innlegg til støtte for barnehagen frå SU-representantane Espen Helvig og Berend de Wald, og frå veteranen Mikal Møller Hovda.