nyhende
Kvar femte utrykking var helseoppdrag
20 prosent av utrykkingane til brannvesenet i Sveio i 2023, var helseoppdrag. Gjennomsnittet for heile Haugaland brann og redning IKS var 12 prosent.
– Når Sveio ligg såpass over gjennomsnittet, har det truleg å gjera med avstanden til ambulanse- og politistasjoner, seier brannsjef Dag Botnen i Haugaland brann og redning IKS.
Utrykkingsleiar Tore Johan Enerstvedt ved brannstasjonen i Sveio er einig i dette. Han meiner dette også kan vera forklaringa på at brannstasjonen i Førde hadde tre gonger så mange helserelaterte utrykkingar som Sveio. Men denne fordelinga også kan vera tilfeldig, legg han til. Det samla talet på helserelaterte hendingar for begge stasjonane sett under eitt, var 24 i 2023. Botnen kommenterer tala for Sveio slik:
– Brannvesenet er i ein unik situasjon, sidan me finst både i bygd og by. Også i Sveio er det slik at me kan nå fram til storparten av innbyggarane frå ein av våre stasjonar på ti minuttar.
Han legg til at brannmannskapa alltid rykker ut på oppdrag frå AMK. Det skjer ikkje i staden for ambulanse, men som førstehjelp før ambulansen når fram.
Positive til helseoppdrag
Brannmannskapa i Sveio kommune har assistert ambulansetenesta i samband med akutte oppgåver dei siste 17 åra. Enerstvedt har inntrykk av at dei aller, aller fleste synest desse oppdraga er positive, sjølv om dei skil seg frå brann og redning sine primære oppgåver. Mannskapa har fått grunnleggjande kurs og opplæring gjennom Stiftelsen Norsk Luftambulanse, og dette er blitt følgd opp med årlege oppfriskingskurs.
– Mannskapa synest det er svært givande å bistå personar i naud og i ytterste konsekvens berga liv, for eksempel ved hjartestans. Det har me opplevd fleire gonger. Sjølvsagt har me hatt endå fleire hjartestans-tilfelle der livet ikkje sto til å berga. Det er jo ein grunn til at hjartet stoppar, seier Enerstvedt.
– For å ha best mogleg odds må dei som finn ein bevisstlaus person som ikkje pustar, ringja 113 og starta med hjarte- og lungeredning med 30 kompresjonar og to innblåsingar fram til ambulanse eller brannvesen kjem på plass, legg Enerstvedt til.
Første ledd i akutt hjelpekjede
Mange av det lokale brann- og redningsvesenet sine helserelaterte utrykkingar gjeld pustevanskar og brystsmerter som ofte viser seg å vera hjarteinfarkt. Då er brannmannskapa ofte første ledd i ein kjede av ein akutt hjelpekjede som også inkluderer ambulanse og i mange tilfelle også luftambulanse før behandling på sjukehus. Det same gjeld tilfelle av hjerneslag, der minuttane ofte er avgjerande. Hjartestartar og oksygener blant dei mest brukte hjelpemidla i utrykkingsbilane i samband med helseoppdrag.
Elles er helseoppdraga mange og varierte. Enerstvedt nemner fallulykker, brotskader, blødningar, feberkramper hos barn og drukningsulykker. Brannmannskapa kan også assistera ambulansetenesta når det skjer ulykker eller når folk blir akutt sjuke ute i terrenget. Då kan mellom anna transport med ATV vera aktuelt.
Kompensasjon
Brannvesenet får ikkje statleg kompensasjon for utførte helseoppdrag. Delegasjonen frå Sunnhordlandsrådet som besøkte Oslo like over nyttår, tok opp dette spørsmålet med sentrale styresmakter.
– Eg forstår problemstillinga og det er viktig å løfta dette på bordet i ei tid kor økonomien i kommunane er stram. Tidspunktet er kanskje ikkje heilt rett likevel då ny stortingsmelding som er rett rundt trappene vil omhandle dette. Vidare er det nyleg kome ein ny veiledar frå Helsedirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap som legg fram forslag til tiltak for å regulera ordninga, seier Botnen.