nyhende

Ungdomslaget har gjort vedtak om å overta barnehagen på Bua og har godt håp om å få dei fleste tilsette med seg vidare.
Ungdomslaget har gjort vedtak om å overta barnehagen på Bua og har godt håp om å få dei fleste tilsette med seg vidare.

Godt håp om vidare barnehagedrift

Bua ungdomslag har gjort vedtak om å overta drifta av barnehagen i bygda, og ser lyst på situasjonen etter møtet med dei tilsette onsdag. I kveld blir det foreldremøte i barnehagen med orientering om framtida.

Publisert Sist oppdatert

– Også fleirtalet av foreldra – kanskje alle – er positive til vidare drift, seier styreleiar og talsmann for Bua ungdomslag, Nils Haktor Bua.

Til foreldremøtet i kveld er også nye foreldre som kan tenkja seg å ha barn i Bua barnehage frå hausten av, inviterte til å koma. Bua seier dei er i kontakt med fleire som dette er aktuelt for.

Fleirtalet positive

På møtet med dei tilsette kom det fram at seks av åtte tilsette er positive til vidare drift og kan tenkja seg å vera med vidare. Dagens styrar er ei av dei som ikkje vil vera med vidare. Det er enno ikkje klart kven som vil bli styrar når ungdomslaget overtar drifta.

– Me har ikkje skrive kontrakt med nokon av dei enno. No arbeidar me aktivt med å gi dei svar på korleis hausten blir. Hovudmålet for gruppa som jobbar frivillig med barnehagen si framtid, gjer dette for å sikra vidare drift av ein god og nærliggande barnhage for våre små og håpefulle. I tillegg ønskjer me å sikra jobbane til dei tilsette, som gjer ein svært god jobb kvar dag, seier Bua.

Aud Hanne Lien Jensen, som er tillitsvald i barnehagen, stadfestar at det ikkje er inngått bindande avtalar.

– Det er mange ubesvarte spørsmål som gjer at det er vanskeleg å ta stilling, skriv ho i ein SMS til Vestavind. Ho skriv også at eit par av dei tilsette vil avventa meir konkrete svar.

I tråd med avtalen

Det formelle vedtaket om å overta barnehagen er oversendt til styrar og eigar av Bua kultur- og friluftsbarnehage AS, Silje Huse.

Vedtaket er gjort i medhald av den avtalen som blei inngått då Bua kultur- og friluftsbarnehage AS overtok drifta for sju år sidan.

Powered by Labrador CMS